Telia si 5G- utbygging fortset for fullt, og no står Askvoll, Sunnfjord, Kinn, Hyllestad, Solund og Høyanger for tur.

Telia har som mål å bli det første telekommunikasjonsfirmaet med landsdekkande 5G-nett. Målet er at alle skal ha tilgang til 5G-dekning innan 2023. I dag har tre av fire nordmenn tilgang til 5G frå selskapet.

– No er vi godt i gang i Vestland fylke, og i veke framover vil vi modernisere mobilnettet i blant anna Askvoll, Sunnfjord, Kinn, Hyllestad, Solund og Høyanger. Alle basestasjonane skal oppgraderast med den nyaste 5G-teknologien og endå betre 4G, seier Georg Svendsen, leiar for infrastruktur i Telia Norge i ei pressemelding.

Parallelt med 5G-utbygginga held Telia på med å modernisere heile mobilnettet sitt, noko som betyr at hastigheita og dekninga på 4G-nettet vil bli endå betre, i tillegg til at kapasiteten blir dobla.

– Arbeidet med å oppgradere til 5G medfører dessverre noko nedetid på basestasjonane som skal moderniserast, og litt avhengig av kvar folk bur vil ein i korte periodar kunne oppleve dårlegare dekning enn vanleg, og kanskje også at nettet er heilt nede. Vi forsikrar om at vi jobbar så rask vi kan for å minimere nedetida. Vidare vil kundar bli varsla i forkant om når vi startar oppgraderingsarbeidet i deira område, seier Svendsen i pressemeldinga.