Gå til sidens hovedinnhold

No er tittelen «lensmann» historie. Her er erstattaren

Regjeringa har bestemt å byte namnet på tittelen.

Ordet «lensmann» har blitt bytta ut til fordel for ein meir kjønnsnøytral tittel, melder Justis- og beredskapsdepartementet fredag.

Tittelen «lensmann» endrar no namn til politistasjonssjef.

Lensmannstittelen har lang historie i Norge, og har vore i bruk i over 900 år.

– Lensmannstittelen har ein lang historie i det norske samfunnet. Stortinget si avgjerd om kjønnsnøytrale titlar har mellombels gjort det naudsynt å finne eit nytt namn på denne funksjonen. Tittelen blir no politistasjonssjef. Politistasjon er eit godt innarbeidd omgrep, og eg er sikker på at politistasjonssjef er ein naturleg og forståeleg tittel for publikum, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland i pressemeldinga.

Namna lensmannsdistrikt og lensmannskontor blir endra til politistasjonsdistrikt og politistasjon.

Namneendringa er endeleg vedteke. Og den er ein oppfølging av regjeringsvedtaket frå 2. mars 2020, som gjekk ut på at kjønnsspesifikke stillingstitlar skal endrast til kjønnsnøytrale titlar i statlege verksemder.

Til dømes har den tidlegare tittelen «rådmann» no blitt endra til kommunedirektør.

Les også

Stadig fleire bilar fekk bulkar og riper – no ser politiet eit mønster

Les også

Erfarne sjefar sluttar: – Utruleg mykje politierfaring forsvinn

Les også

Åge må slutte i jobben: – Synd, for eg er jo nokolunde frisk, rask og oppegåande enno

Kommentarer til denne saken