– Vi har stått her både dag og natt og jobba. Så at alt no fungerer som det skal, er heilt nydeleg, seier Cato Vik.
Nestleiaren ved skisenteret i Blomlia var tydeleg letta og glad over å endeleg kunne opne hovudheisen for glade skientusiastar att.
– Dette er løna vår, når bakken er full av folk, seier han og smiler.
Enorm innsats
Pålegg frå Taubanetilsynet førte til at senteret måtte skifte ut ulike slitedelar på den gamle skiheisen for å få den godkjent.
Arbeidet starta allereie i mai i fjor, og planen var at alt skulle vere på plass innan veke 48. Men så vart girkassen koronafast i Frankrike.
– Den var til service der, men så fekk vi ikkje henta den ut før etter jul på grunn av korona, seier Vik.
Etter nyttår har ein dugnadsgjeng på seks-sju stykk stått på for å montere girkassen og få heisen klar.
– Når ein ikkje har vore på jobb, så har ein vore her. Det er ein heilt enorm innsats som har vorte lagt ned frå alle som har bidrege, skryt Vik og trekk særleg fram innsatsen til Hallvard Nygård og jobben han har gjort på motoren på heisen.
Drifta på dugnad
Heile anlegget er drifta på dugnad og alt dei tener går rett tilbake til anlegget, seier Vik.
– Slik har det alltid vore, og slik skal det alltid vere. Men det gjer òg at vi ikkje kan investere meir enn vi tener eller har råd til.
Vedlikehaldsarbeidet på heisen har kosta rundt 1,6 millionar kroner. I år har dei også måtta produsert ein del kunstsnø, noko dei har sett att i straumrekningane.
– Dette har sjølvsagt kosta oss ein del pengar. I tillegg har vi tapt mykje pengar på at girkassen vart forsinka, og vi fekk ikkje ha ope i jula, seier Vik og held fram:
– Men vi har klart oss bra, og så håper vi at folk kjem og besøker oss no, at dei vil nyte dagane i bakken her og vil støtte opp om næranlegget sitt.
– Ekte kjærleik
Vik vart engasjert i drifta av anlegget for fem år sidan. Til saman er dei rundt 40–50 personar som utfører dei ulike oppgåvene som krevst. Alt frå rekneskap, køyring av trakkemaskin, til vakthald og produksjon av snø.
– Vi er ein stor dugnadsfamilie. Det er ein veldig unik driftsform, og det er viktig å ta vare på dette, seier Vik.
Sjølv takkar han foreldra sine for dugnadsånda som han har, noko han har gitt vidare til sin familie.
– Eg trur eg har verdas mest tolmodige sambuar. Vi har vore saman i 25 år og ho har aldri klaga, seier han og held fram:
– Når ho veit at eg kjem seint heim, så legg ho dyna mi på baderomsgolvet fordi ho veit at eg er kald. Det er ekte kjærleik. Både til meg og til dugnaden!
Etter nokre intense veker med arbeid, kan Vik og resten av dugnadsgjengen endeleg senke skuldrene.
– No skal eg ta med meg familien og reise på ski. Vi skal kose oss i bakken og berre ha det kjekt.

Skisenteret ventar på delar for 1,6 millionar: – Forhåpentligvis klar om ei veke eller to
