No er Odd-Bjørn (48) på veggen i idrettens «Hall of Fame»

PÅ OPNINGA: Odd Bjørn Hjelmeset (t.v) og Petter Riiser var opninga av Norsk Idretts Æresgalleri på Det Norske Veritas i Bærum tysdag.

PÅ OPNINGA: Odd Bjørn Hjelmeset (t.v) og Petter Riiser var opninga av Norsk Idretts Æresgalleri på Det Norske Veritas i Bærum tysdag. Foto:

Av

Det nye digitale idrettsgalleriet vart opna av HM Kong Harald.

DEL

Det nye galleriet vart vist fram hos Det Norske Veritas i Bærum. Det inkluderer alle som var i det gamle galleriet som stod i Håkons Hall på Lillehammer. Det vart sist oppdatert i 2006.

I det nye galleriet er 38 nye enkeltutøvarar og seks nye lag tatt opp. Kong Harald var til stades og stod for opninga av galleriet.

– Eg har vore så heldig å ha tre bein i idrett. Som utøvar, som leiar og som ganske ivrig til å sjå på, sa Kongen til latter frå salen.

– Kona mi seier eg er sportsidiot.

Digitalt

Kongen er sjølv ein aktiv seglar, mellom anna med tre OL bak seg. I 1987 vann båten hans VM i Kiel.

– Då slo vi alle proffane, men avisene var mest opptatt at eg hadde mista håret, sa majesteten.

Kong Harald er første utøvar i galleriet, følgt av faren hans Kong Olav.

Det nye galleriet blir ikkje plassert fysisk ein stad, men blir derimot lagt ut som eit digitalt galleri som skal vere tilgjengeleg for allmenta.

Norske Idrettsleiar-veteranar står bak utnemningane. Juryen har bestått av leiar Petter Riiser, Grete Johansen, Jann Post, Bjørge Stensbøl og Anne Thidemann.

– Stort

Av dei 38 nye medlemmene var Suzann Pettersen, Karoline Dyhre Breivang og Odd-Bjørn Hjelmeseth til stades tysdag. Det same var Knut «Kupper'n» Johannesen.

Tutta snakka om då ho avslutta karrieren.

– Vi er ekstremt bortskjemte med gode utøvarar i Noreg. Å ha fått skrive eit lite stykke golfhistorie inn i norsk idrettshistorie er stort, sa ho frå scena.

Hjelmeseth snakka om korleis det var å komme frå eit lite idrettslag i distriktet. Han trekte fram det frivillige og eldsjelene.

– Vi har så utruleg mange rundt omkring i alle krokar i landet som har lyst til å bli gode. Saman med gode idrettslag får vi vinnarar, sa Hjelmeseth.

Galleriet har fått eit tilskot på 250.000 kroner frå Kulturdepartementet. NTB har levert den digitale løysinga og bilda.

Artikkeltags