Gå til sidens hovedinnhold

No er Magnhildskaret opna

26 timar etter at vegen over Magnhildskaret blei stengt, er den no opna igjen.

(FIRDAPOSTEN): Vegtrafikksentralen Vest melder no at vegen mellom Grov og Svelgen er opna igjen, etter at snøskred stengde vegen måndag føremiddag.

Meldinga om vegopninga kom frå Stastens vegvesen klokka 12.01.

Men samtidig kom ei ny melding om stenging på Fv 614, denne gongen i Myklebustdalen, på strekninga Grov - Stårheim.

Her vart vegen mellombels stengt grunna bilberging.

14.38 vart også denne vegen opna att for fri ferdsel.

Kommentarer til denne saken