No er ingen innlagd med koronavirus i Helse Førde

Til saman har det vore åtte innlagde i Helse Førde. No er den siste personen utskriven.

DEL

Helse Førde opplyser onsdag at den siste personen som har vore innlagd med stadfesta COVID-19 smitte er blitt utskriven.

Det har til saman vore åtte innlagde på sjukehuset sidan utbrotet starta.

Det siste døgnet har Helse Førde analysert 28 koronaprøver, ingen av desse har gitt utslag for viruset. Dermed er det framleis 50 stadfesta tilfelle av personar som har hatt koronasmitte.

Heimeverande og sjukmelde tilsette pga. korona: 2 (av om lag 3000 tilsette)

Tilsette som har hatt stadfesta smitte: 2 (av om lag 3000 tilsette)

Artikkeltags