Det opplyser helseføretaket i ei pressemelding.
– Vi håpar å sleppe å setje beredskap fleire gonger, men dersom det skulle bli nødvendig i samband med ein ny smittetopp er vi klare for det, seier administrerande direktør, Arve Varden.
– Vi har lært mykje
Helse Førde har vore i beredskap sidan 12. mars 2020. Dei har veksla mellom grøn og gul beredskap, bortsett frå 11. juni til 15. november i fjor, då fallande smittetal, færre innleggingar og god vaksinasjonsdekning gjorde at beredskapsstatusen vart avvikla.
Dei siste åra har vore krevjande. Direktøren er stolt over innsatsen og engasjementet dei tilsette har vist.
– Sjølv om dette har vore ein tung periode har vi som sjukehus lært mykje som vi tek med oss vidare, seier Varden.
Totalt har 214 pasientar vore innlagde i Helse Førde anten med covid-19 som hovud- eller bidiagnose. Nesten halvparten av dei har vore over 65 år.
Framleis tiltak
Sjølv om beredskapen no er avvikla, vil det framleis vere ekstra smitteverntiltak på delar av sjukehuset. Dette fordi det framleis er mange koronasjuke og ein god del influensasmitte i området.
Tilsette bør framleis bruke munnbind i nær kontakt med pasientar. Det er også ei oppmoding om at besøkande brukar munnbind i same tilfelle.
Besøkande som er sjuke bør unngå å komme på sjukehusa.