No er det vanlege folk sin tur

Høgre saman med Frp fjerna retten til ferietillegg alt i 2014. Støtta av Krf og V. Dette vil råke ein kvart million nordmenn som ikkje får utbetalt feriepengar i 2021, skriv Petter Sortland og Ingrid Heggø.

Høgre saman med Frp fjerna retten til ferietillegg alt i 2014. Støtta av Krf og V. Dette vil råke ein kvart million nordmenn som ikkje får utbetalt feriepengar i 2021, skriv Petter Sortland og Ingrid Heggø. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Då AP foreslo å gjeninnføre ferietillegget på dagpengar, var Høgre sin arbeidspolitiske talsperson raskt ute og stempla forslaget som «galskap»!

Nedstenginga av samfunnet er i stor grad politisk bestemt. Heile det norske folk, også dei permitterte og arbeidsledige er med på ein storstila dugnad, og då må vi som fellesskap stille opp – for alle.

Høgre saman med Frp fjerna retten til ferietillegg alt i 2014. Støtta av Krf og V. Dette vil råke ein kvart million nordmenn som ikkje får utbetalt feriepengar i 2021.

Dette kjem på toppen av det faktum at høgreregjeringa ville skyve rekninga over på arbeidstakarane som vart permitterte då Norge stengde ned i vår. Arbeiderpartiet sikra at det var fellesskapet som tok rekninga, både for arbeidstakar og arbeidsgjevar.

I tillegg foreslo regjeringa ved Høgre, Venstre og Krf å gjera det dyrare å vere sjuk. Alt dette midt i ein pandemi.

Galskapen er at regjeringa nok ein gong gjev ekstra skattelette til dei rikaste, og ikkje forstår at arbeidsfolk treng ferie, og at reiselivet er avhengige av at vi nordmenn ferierer.

Nok ein gong syner det seg at Høgre er for rikfolk flest, medan AP er for vanlege folk.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken