No er det slutt på pensjonsranet

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Stoltenbeergregjeringa la fram for Stortinget i 2009 forslag om ny pensjonsreform, som m.a. omfatta årleg underregulering med 0,75% samanligna med gjennomsnittleg lønsvekst. Dette betydde at pensjonistane fekk nedsett sin årleg rettsmessige pensjon med 0,75%, noko som etter mitt syn er regelrett årleg ran frå pensjonistane. Frp og SV røysta imot dette.

I 2019 hadde pensjonistane ein gjennomsnittleg pensjon på kr. 236.500,00. Skulle pensjonen ha halde tritt med prisveksten skulle den ha vore på kr. 245.000,00. Som alle ser har dermed pensjonistane sidan 2009 blitt rana for rundt 100.000,00. Dette har ført til at pensjonistane har tapt kjøpekraft kvart år sidan 2009.

I årets budsjettforhandlingar mellom regjeringspartia og Frp tvinga Frp dei andre regjeringspartia til å fjerna underreguleringa på pensjonistane sin pensjon, noko som betyr at pensjonistane får den same auken i sin pensjon som andre arbeidarar.

I årets budsjett tvinga Frp regjeringspartia til å auke løyvingane til pensjon med 2 milliardar kroner, for å rette opp underreguleringa. I tillegg tvinga Frp regjeringsparti til å auke pensjonen til minstepensjonistane med kr. 5.000,00 kvart år.

Med dagens skattemodell for minstepensjonistar og kraftig kutt i avgifter så vil pensjonistane komme veldig godt ut av det framforhandla budsjettet for 2021. Berre tenk på kva reduksjon i sukkeravgifta vil bety for prisen på ein heil del matvarer som vi kjøper, som f.eks. saft og syltetøy.

Pensjonistforbundet har lenge arbeidd for at pensjonistane skulle få forhandlingsrett om årleg pensjon. SV og Frp arbeider no med resten av partia på Stortinget for å få forhandlingsrett om pensjon. Dette vil bety at det vil verte årleg forhandlingar om pensjonen mellom arbeidstakarorganisasjonane, pensjonist- og trygdeorganisasjonane og staten. Ved ueinigheit vil Stortinget ta den endelege bestemmelsen. Her bør alle pensjonistlag få sine fylkeslag til å legge press på alle partia på Stortinget til å støtte SV og Frp sitt forslag, slik at det vert vedteke å innføre forhandlingsrett til pensjonistane.

Det årlege pensjonsranet er herved slutt.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken