– Vi er nøydde til å sørge for at kundane våre er sikra parkering, seier Odd Erik Gullaksen, hotelldirektør ved Scandic Sunnfjord Hotel i Førde.

Allereie i september i fjor var informasjonsskilta om parkeringsavgift komen på plass. No har hotellet tatt i bruk systemet.

– Dette starta vi med i midten av desember, seier Gullaksen.

Slite med parkering

Han fortel at dei over ein lang periode harslite med parkeringsplassar til gjestane og at det er difor dei har gått så langt som å innføre avgift.

– Det har gått føre seg ei fortetting i sentrum og fleire og fleire bustader kjem opp. Det gjer også at etterspurnaden på parkering aukar. Det har vi merka godt, seier hotelldirektøren.

For han og hotellet er det viktig å yte god service.

– Når ein driv eit hotell og det er mange som kjem køyrande hit, er dei nøydde til å kunne få parkere her, seier han.

Gratis for gjestar

Alle gjestar ved hotellet står gratis.

– Då går ein inn til resepsjonen og får ein kode som ein registrerer.

Det er ikkje berre dei som overnattar på hotellet som blir sett på som gjestar.

– Du er gjest her om du er her på konferanse, et i restauranten, er på spaen eller på konsert, seier han.

– Kva tilbakemeldingar har de fått etter betalingssystemet har kome på plass?

– Eg har berre opplevd at folk er positive, seier han.