Uvêret har allereie ført til fleire stengde fjellovergangar, opplyser Vegtrafikksentralen.
På Hemsedalsfjellet er det innført kolonnekøyring.
– Fjellovergangane Vikafjellet, Tyin-Årdal og Aurland - Hol er stengde, opplyser trafikkoperatør Andreas Herland ved Vegtrafikksentralen i 10-tida.
– På Strynefjellet er det endå ope, men der kan det bli innført kolonnekøyring. Det same gjeld Filefjell. Vêret vil bli verande stygt i heile dag, så det vil vare, dette her, seier Herland.
På Vegvesenets sider blir det opplyst at Hemsedalsfjellet kan bli heilt stengt på kort varsel.
TIPS OSS
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: [email protected] TLF: 57 83 33 33