Reguleringsplanen for Tiltak 8 – gangbru over Jølstra – er allereie politisk godkjend, så no ligg alt til rette for at ein kan legge arbeidet ut på offentleg anbod.

Det stadfesta byggeleiar Runar Rise Hallset i Statens vegvesen måndag.

– Gangbrua er på trappene. Det vil seie at vi i løpet av neste år kjem til å lyse ut og byrje bygginga, seier han.

Dei er i ein sluttfase med å lage ein anbodskonkurranse, og den blir lyst ut på vårparten.

– Men eg er byggeleiar i Tiltak 14 (E39 Fjellvegen og Hafstadvegen, journ. mrk.), så mitt ønske er at vi opnar to snorer på same dagen. Det er i alle fall håpet, så tek eg atterhald i at ting kan endre seg undervegs, seier Hallset.

Tiltak 8: Ny gang- og sykkelbru over Jølstra

Tiltaket er førebels under prosjektering. Forventa byggestart er kring andre semester i 2023.

  • Brua skal gå frå det gamle kommunehuset til parkeringsplassen ved kjøpesentera nord for Jølstra.
  • Den vil bli ca. 5 meter brei slik at syklistar kan møtast utan problem.
  • Det vil bli torgareal i nordenden.
  • Under bakken her vil det også kome ein stor parkeringskjellar.

Prosjektering inneber alle delar av planlegginga utover vedtatt reguleringsplan.

Tiltak 14 skulle opphavleg vere ferdig om eitt år og éin dag, men så vart den utvida med 30 veker som følge av at ein måtte byte ut ein del teknisk infrastruktur.

Etter planen vil ein difor vere ferdig med både Tiltak 14 og 8 i løpet av august 2024.

Tiltak 14: E39 Fjellvegen og Hafstadvegen

Bygginga har starta på det som er gamle Sogn og Fjordane sin mest trafikkerte veg. Den forventast å vere ferdig til august 2024.

  • Tiltaket angår vegen frå Førde hotell til og med første rundkøyringa på Hafstadflata.
  • Langs Hafstadvegen vil det bli lagt til rette for gåande og syklande frå Storehagen bru til rundkøyringa på Hafstad.
  • Kryssa på E39 vil bli utbetra.
  • Nokon avkøyringar vil sanerast vekk.
  • Midtlinja vil bli delvis flytta.

Førdepakken for dummies