Det etter at Natur og Ungdom og Naturvernforbundet har saksøkt staten for løyvet til å dumpe opptil 250 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden.

Det skriv naturvernorganisasjonane i ei pressemelding torsdag.

– Det blir ei historisk rettssak. Vi kan ikkje tillate at ein av dei siste intakte vestlandsfjordane blir brukt som avfallsplass for gruveindustrien. I september tar vi saka til retten for å sikre rettsvern for Førdefjorden og annan sårbar natur, seier Truls Gulowsen, leder i Naturvernforbundet.

Organisasjonane hevdar at løyva staten har gitt til gruveselskapet byggjer på feil forståing av to EU-direktiv, vassdirektivet og mineralavfallsdirektivet. Derfor er dei ugyldige. Det er advokatfirmaet CMS Kluge som skal føre saka for miljøorganisasjonane.

Dette er det søksmålet byggjer på:

  • Dei meiner at løyva byggjer på ei uriktig forståing av EØS-rettslege miljøkrav.
  • Dei meiner at det finst eit betre alternativ til sjødeponi, noko forvaltninga var forplikta til å greie ut og vurdere.
  • Dei meiner dessutan at miljøkonsekvensane vil bli meir alvorlege enn det som er føresett i løyva.