I samband med statsbudsjettet vert nasjonale ferjetakstar sett ned med 11,7 prosent frå nyttår. Det melder Skyss i eit pressemelding.

Det betyr at alle fylkesvegferjene i Vestland følger AutoPASS-regulativet, og ferjereiser i Vestland blir derfor billegare.

13. desember gav Transportkomiteen sin innstilling til statsbudsjettet for 2022. Der blei det slått fast at ferjeprisane skal reduserast med 30 prosent frå nyttår av, samanlikna med januar 2021.

Prisen allereie redusert i år

– Forklaringa på at prisane blir redusert med 11, 7 prosent av dagens takstar og ikkje 30 prosent, er at prisen allereie er blitt redusert i år. Det siste halve året har vi hatt ein lågare takst enn vi hadde 1. januar 2021, seier Erling Sande frå Senterpartiet, som er leiar i Transportkomiteen.

Dermed treng ein berre å sette ned dagens pris med 11,7 prosent for å nå 30 prosent prisreduksjon frå 1. januar 2021.

Sande forklarer at prisreduksjonen som kom i sommar skuldast det såkalla ferjeopprøret.

– Sp, Ap, FrP og Sv overkøyrde høgreregjeringa og danna fleirtal for å redusere ferjeprisane våren 2021. Dette vart fulgt opp av regjeringa i revidert budsjett, men i sitt siste statsbudsjett for 2022 foreslo Solberg å justere opp prisane att. Den nye regjeringa sette ein stoppar for prisauken og vedtok heller ein ytterlegare reduksjon. Dette fikk fleirtal ved hjelp av SV i Stortinget i desember og blir iverksett frå første januar 2022, seier Sande.

Sjekk prisane for dei forskjellige ferjerutene

Prisreduksjonen gjeld blant anna ferjesambanda Askvoll – Gjervik – Fure – Værlandet, Rysjedalsvika – Rutledal – Krakhella – Losna og Daløy – Haldorsneset.

Det betyr at dersom du skal frå Gjervik Ferjekai på Atløy med bil frå null til seks meter lang må du før nyttår betale 89 kroner, og etter nyttår 78 kroner. Prisane for dei forskjellige ferjerutene kan du søke opp her.

Det er Statens vegvesen som forvaltar regulativet på vegner av Samferdselsdepartementet.

Firda har tidlegare i desember skrive om reduksjon i ferjeprisane: