For to år sidan kjøpte sogndølane Idar Kollsete, Jon Brox Holme og Leiv Dag Hollekve det folkekjære bygget. Sidan har eigarane jobba for å få aktivitet på hotellet, og i fjor fortalde dei om planar for restaurantopning hausten same året, men det vart ikkje noko av.

KaffeTelegrafen har brukt å ha pubkveld på fredagar. No flyttar dei pubkveldane frå kaffeelokalet til hotellet.

– Eg vil kalle det eit prøveprosjekt. Planen er å ha ope i helgene på kveldstid, og bruke hotellet som eit selskapslokale, med litt større serveringsmoglegheiter enn på kafeen, seier Jannike Nessestrand, dagleg leiar i KaffeTelegrafen.

Jannike Nessestrand starta kafeen KaffeTelegrafen i lag med søstera si Veronica i 2016. Kafeen stengte ned i eit halvt års tid etter ein krevjande koronasituasjon og ein tøff periode for den daglege leiaren. Den populære utestaden vart svært sakna i bygda, og i juni 2021 opna dei igjen.

– Folk har sakna hotellet

Kafeen vil ha ope som normalt, og kveldane på hotellet blir eit ekstratilbod.

– Korleis kom ideen?

– Det er eit godt spørsmål, men det brukar no å vere at eg får eit innfall. Vi ser at folk har vore glade for å ha ein plass å gå på kveldane også, så eg tok ein prat med dei på hotellet. Dei har vore heilt suverene, seier ho.

Restauranten og puben som var knytt til hotellet i gamle dagar var populære møtestader både for innbyggarane og besøkande.

– Folk har sakna hotellet veldig. Ein kan ikkje bruke kjellaren slik den er no, derfor må vi bruke hovudetasjen, så det blir ikkje heilt det same som før.

Tok kontakt for halvanna veke sidan

Nannestrand fortel at det berre er ei halvanna veke sidan ho tok kontakt med hotelleigarane for å føreslå samarbeidet.

– Vi har hatt ein kjempegod dialog og dei har gitt oss eit kjempetilbod. Vi betalar berre løpande kostnad fram til ein dato vi har bestemt. Så tar vi det litt der etter. Det er ikkje dei store utgiftene for oss å prøve ut dette, seier Nessetrand.

– Kva skal til for at de vil fortsette med tilbodet etter prøveperioden?

– Tilbodet må vere godt brukt, og så må eg få inn eit godt rekneskap og god oversikt over kjellaren. Eg må rett og slett ha folk som kan fortelje meg ein eksakt pris på å få laga til der.

Les også

I sommar tek Jannike ferie for første gong på seks år