NM i Halvmaraton: Marius (28) tok gull, Eivind (28) tok bronse

Sunnfjord tok to av pallplassane under laurdagens NM i halvmaraton på Jessheim.

DEL

Eit halvmaraton er på 21 km. Marius Vedvik frå Førde kom først over målstreken med tida 1:04:41.

Isaac G. Tesfamichael frå Leksvik IL var hakk i hel og tok andreplassen med tida 1:04:52.

Bronsen var det Eivind Øygard frå Jølster som tok. Han sprang i mål etter 1:05:15.

Også Roger Pollen frå Førde var med. Han kom på 22. plass med tida 1:09:48.

Tvillingbror til Eivind, Knut Olav Øygard, kom på 39. plass. Han sprang på 1:12:35.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken