Ni tekne for fart på E39

DEL

UP hadde onsdag laserkontroll ved Klakegg i Jølster. Dei stod på staden i tre timar, og skreiv ut ni forenkla førelegg for fart. Høgste målte fart var 103 kilometer i timen.

Det vart også skrive ut to førelegg for ulovleg mobilbruk.

I Sogndal hadde sentrum hadde ein politipatrulje trafikkontroll onsdag kveld. Dei skreiv ut tre forenkla førelegg for mobilbruk, og ein bilførar fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken