Gå til sidens hovedinnhold

404 - File Not Found

[]

Ni nye koronasmitta

Ein pasient er innlagt på sjukehus med stadfesta covid-19 smitte.

Av totalt 412 analyserte prøver søndag, har ni av dei vist seg å vere positive.

Det melder Helse Førde måndag morgon.

Dei ni positive prøvene søndag blei tekne i Stad og i Sogndal.

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Måndag er det ein pasient som er innlagt med stadfesta covid-19 smitte.

Av tilsette i Helse Førde, har sju av om lag 3000 hatt smitte. Fem tilsette er heimeverande eller sjukemelde på grunn av korona.

Les også

Politiet måtte stoppe Førde-fest med 20 deltakarar

Les også

Rektoren: – Eg er veldig letta. Førebels

Les også

Nytt tilfelle i Sunnfjord – ukjend smitteveg

Kommentarer til denne saken