Gå til sidens hovedinnhold

Ni nye koronasmitta i Gloppen

Totalt er 26 personar smitta av korona i Gloppen sidan fredag 22. oktober.

Onsdag ettermiddag melder Gloppen kommune om ni nye koronasmitta.

Nærkontaktar til tidlegare smitta

Dei nye smittetilfella er knytt til Sandane skule, Nordstranda skule og Breim skule. Alle dei nye smitta er nærkontaktar til dei tidlegare smitta.

Nær halvparten av smittetilfella er no relaterte til Nordstranda skule, og dei fleste tilfella er knytt til éi klasse.

Derfor innfører Gloppen kommune eit forsterka testregime med dagleg testing i aktuell klasse.

Kommunen oppmodar alle som har barn på Nordstranda skule om å vere særleg merksam på symptom, og ha låg terskel for å vere heime og teste seg.

Innfører besøkskontroll

Gloppen kommune innfører besøkskontroll ved helse- og omsorgsinstitusjonar i kommunen. Dette for å vere «føre var».

I tillegg innfører kommunen forsterka smitteverntiltak for dei tilsette i helse- og omsorgstenesta.

– Det vert vurdert at det framleis ikkje er grunnlag for nedstenging, andre tiltak eller restriksjonar i Gloppen kommune, opplyser kommunen på nettstaden sin.

Gloppen kommune har gjennomført risiko- og tiltaksvurdering onsdag, og vore i dialog med utbrotsgruppa hos Folkehelseinstituttet. Dette betyr at arrangement, fritidsaktivitetar og kampar kan gå som planlagt.

Kommuneoverlegen vil likevel minne om at alle no er ekstra merksame på symptom. Sjølv milde forkjølingssymptom. Han ber om at folk testar seg ved symptom, held avstand når det er mogleg og har god handhygiene.

– Ha i tillegg eit ekstra fokus på dette i kontakt med personar i risikogrupper, skriv kommunen.

Les også

Seier ein ikkje har full kontroll på smitten. Men kommunen hevar ikkje beredskapsnivået

Les også

Tilbod om dose tre til alle over 65 år i Sunnfjord kommune