Ni innbyggjarar i Sveio koronasmitta

Av

Ni nye personar i Sveio kommune i Sunnhordland er koronasmitta – éin er innlagd på sjukehus. Tre av dei smitta jobbane med helse og omsorg i kommunen.

DEL

Derfor er rundt 25 tilsette i helse og omsorg i karantene, opplyser Sveio kommune i ei pressemelding.

Sveio omsorgssenter og butiltaka i kommunen har innført besøksrestriksjonar på ubestemd tid.

– Smittetilfella i Sveio kommune har samanheng med siste smitteutbrot i Haugesund kommune, melder kommunen.

Alle dei nye tilfella har kome som eit resultat av smittesporingsarbeid, og framleis går dette arbeidet føre seg.

36 nye tilfelle på eitt døgn

Nasjonalt var det registrert 9.208 tilfelle av koronasmitte i Noreg ved midnatt natt til torsdag, viser førebelse tal frå Folkehelseinstituttet.

Dette er ein auke på 36 tilfelle siste døgn. Dei siste to dagane er auken på 58 tilfelle.

Tala er henta frå Meldingssystem for smittsame sjukdommar (MSIS) og viser ei førebels oversikt.

Torsdag var seks koronapasientar innlagde på sjukehus her i landet, og éin pasient blir behandla i respirator.

I alt 255 er koronasmitta i Noreg døde, men det er ikkje meldt om nye dødsfall her i landet sidan fredag 17. juli.

I alt er omkring 441.000 personar her i landet testa for covid-19.

Artikkeltags