NHO vil ha folk tilbake på arbeidsplassen

Av

NHO rår medlemsbedriftene sine til ei gradvis opptrapping av oppmøte på arbeidsplassen og etterlyser tydelegare retningslinjer frå regjeringa.

DEL

– Ute i bedriftene våre er mange usikre om regelverket på heimekontor og det å vere på jobb, seier administrerande direktør Ole Erik Almlid i NHO til NRK.

NHO vil ha nasjonale køyrereglar for korleis det skal opnast for at fleire skal returnere til arbeidsplassen, og at desse retningslinjene oppklarer kva handlingsrom bedrifter og arbeidstakarar har.

Almlid meiner bedriftene sjølv er i stand til å finne løysingar som fungerer, som å møte på jobb annankvar dag.

Helsedirektoratet viser til at rådet om heimekontor vil gjelde lenge, men at det er forskjell på by og bygd når det gjeld å avgrense kontaktpunkt i det offentlege rommet i rushtida.

– Dette vil framleis vere viktig i byane, for dette er den største møtearenaen for personar i Noreg i dag, og der det òg er størst smitterisiko, seier assisterande direktør Espen Rostrup Nakstad i Helsedirektoratet til kanalen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken