NHO og LO vil la arbeidsledige studere

Av
DEL

300.000 personar er registrerte som arbeidsledige eller permitterte. No vil NHO og LO endre reglane slik at dei kan studere og heve kompetansen.

I dag risikerer nemleg arbeidssøkende å bli klassifisert som studentar og miste dagpengane dersom dei melder seg på studiar eller praktiske kurs, skriv Aftenposten.

NHO-sjef Ole Erik Almlid og LO-leiar Hans Christian Gabrielsen meiner koronakrisa er eit godt høve til å heve kompetansen i befolkninga, gjennom at fleire lærer seg å bruke digitale verktøy, fullfører vidaregåande skule, og får yrkesfagleg kompetanse.

– Det viktigaste tiltaket er at regjeringa må lempe på regelverket for dagpengar. Det må tilpassast behovet for å kunne få dagpengar som arbeidsledig eller permittert samtidig som ein tek utdanning eller får opplæring, seier Gabrielsen.

(©NPK)

Artikkeltags