NHO fryktar eksplosjon i permitteringar

Av

Så mange som 20.000 nordmenn kan bli permitterte dei næraste dagane på grunn av dei nye koronatiltaka. Det fryktar NHO.

DEL

Ifølgje ein NHO-rapport kan Noreg stå overfor ein eksplosjon i permitteringar, skriv Klassekampen.

Berre dei to siste vekene har det allereie høge talet skote i vêret, og verre kan det bli, ifølgje undersøkinga som NHO har gjort blant medlemsbedriftene sine.

På nasjonal basis opplyste NHO-bedriftene at 5,5 prosent av staben var permittert ved utgangen av oktober. I midten av november melde dei same bedriftene at talet låg an til å bli 8,6 prosent.

I Oslo er talet varsla å stige frå 8,1 til 12, 3 prosent i same tidsrom, medan i nabokommunen Asker ventar ein auke frå 10,1 til 18,2 prosent permitterte.

I Ullensaker ser det endå verre ut. Den største arbeidsplassen til kommunen er hovudflyplassen på Gardermoen og talet på permitterte i kommunen er venta å stige frå 35,4 prosent til nærare 40 prosent i midten av november.

– Dette er veldig dramatisk. Det kan bety at vi på nasjonal basis får opp mot 20.000 nye permitterte berre på nokre dagar, seier regiondirektør Nina Solli i NHO Viken og Oslo til avisa.

NHO fryktar at permitteringar i tida som kjem lett kan bli til oppseiingar for ei kriseramma reiselivsnæring.

Innan reiseliv svarte bedriftene i undersøkinga at vel kvar fjerde, eller 26,4 prosent av arbeidsstokken, vil bli permittert dei næraste vekene, skriv Aftenposten.

Innan NHO Transport blir det varsla at 7,4 prosent blir permitterte. NHO Service og Handel svarer 4,1 prosent, medan NHO Luftfart ventar 3,5 prosent.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken