NHO: Arbeidsløysa er på sitt høgaste sidan 1930-talet

Av

Éi veke med koronatiltak har sendt arbeidsløysa i vêret. Ikkje sidan depresjonen på 1930-talet har ho vore høgare, seier NHOs sjeføkonom Øystein Dørum.

DEL

Førre verkelege topp i arbeidsløysa var våren 1993, då 6 prosent av arbeidsstyrken var utan jobb. Men vi er etter alle solemerke allereie no forbi dette nivået, meiner Dørum.

Reknestykket hans er som følgjer:

* Tysdag opplyste Nav at arbeidsløysa hadde meir enn dobla seg og låg på 5,3 prosent.

* Onsdag fekk Nav over 40.000 nye søknader om dagpengar, tilsvarande 1,4 prosent av arbeidsstyrken. Dette vil slå ut i arbeidsløysestatistikken fordi alle dagpengesøkjarar først må registrere seg som arbeidssøkjande. I dagens digitale verkelegheit gjer dei fleste dette samtidig.

Derfor vågar Dørum allereie no å slå fast at arbeidsløysa er på eit historisk høgt nivå.

– Vi har no passert dei 6 prosentane vi hadde våren 1993 med god margin, seier han.

Og konstaterer:

– Denne krisa treffer oss med ei momentan og veldig kraft.

– Usikkert

Heller ikkje under krigen hadde vi høgare arbeidsløysetal.

– Det er viktig å understreke at dei historiske arbeidsløysetala er usikre, men utrekningar viser at arbeidsløysa var på rundt 5 prosent under andre verdskrigen, seier Dørum.

Under depresjonstida på byrjinga av 1930-talet toppa arbeidsløysa seg på ein stad mellom 10 og 11 prosent, så det er enno eit stykke opp dit, opplyser han.

Men dagens nivå kan stige ytterlegare. Så langt har auken i arbeidsløysa under koronakrisa gått svært fort: På éi veke, frå førre tysdag til tysdag denne veka, gjekk arbeidsløysa opp frå 2,3 prosent til 5,3 prosent.

– Eg har nokre år på baken, og denne krisa er ulikt alt anna vi har opplevd tidlegare, seier Dørum.

Kvadrupel krise

Han meiner vi snakkar om ein kvadrupel krise og listar opp desse fire «del-kriser»:

1. Vi har ein kollaps i aktiviteten i resten av verda, som kjem av tiltak mot koronaviruset.

2. Vi har ein kollaps i aktiviteten her heime fordi Noreg blir stengt ned på grunn av korona.

3. Vi har ei oljekrise som delvis kjem av effekten av det første punktet, men dels òg ein oljepriskrig på toppen av dette.

4. Vi er i ferd med å få ei finanskrise fordi frykt for store tap i bedrifter og bankar struper tilgangen på kreditt.

– Tar lang tid å lækje

Konsekvensane for nordmenn er dramatiske. Bedrifter går inn i dvale, og folk blir permitterte.

– Dei som blir permitterte, går kraftig ned i lønn. For dei som tener mindre enn 6G (rundt 600.000) blir inntektsreduksjonen før skatt etter dei første 20 dagane på mellom 20 og 30 prosent, seier Dørum.

Han meiner vi må innstille oss på at fleire av bedriftene som no permitterer tilsette, til slutt går konkurs.

– Styresmaktene kan ikkje redde alle bedrifter. Dei vil ikkje makte å skru saman tiltaka slik at dei når alle bedrifter som slit, seier han.

Og legg til:

– Dette vil vi komme gjennom. Fordi pandemien er ikkje evigvarande. Men vi vil ikkje komme gjennom det utan økonomiske sår som det vil ta lang tid å lækje.

NB! Under krisa på 1990-talet var nærare tre prosent av arbeidsstyrken på såkalla «tiltak». Desse er ikkje rekna med i arbeidsløysetala.

(©NPK)

Artikkeltags