NETTAVISEN: Undersøkinga, som er del av eit masterprosjekt ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU i Trondheim, tek sikte på å finne ut korleis nynorsk som formidlingsspråk i nyheitsmedia blir motteke i nettaviser.

Den baserer seg på klikkmålingar som er gjennomførte i samarbeid med Nettavisen.

Tala tyder på at nynorsk som formidlingsspråk i Nettavisen, ikkje blir så dårleg tatt imot som ein kanskje skulle tru:

– Riksavisene har trudd at lesarane ikkje vil ha nynorsk, og at det er ein høgare terskel for å lese sakene når dei er på nynorsk, seier Erik Stephansen, politisk redaktør i Nettavisen.

– Men det har vi no testa: Og det er nesten ikkje nokon forskjell blant lesarane våre, seier han.

Les også: Nynorsk er i ferd med å dø ut - har falt i fleire tiår

Halvparten av lesarane fekk lese nynorsk

I løpet av fire dagar i februar sende Nettavisen ut fire ulike saker som blei publisert nåde på bokmål og på nynorsk. Nynorskversjonane blei utarbeida av Nynorsk pressekontor, og i ein periode på nokon timar kvar dag bytta bokmålsversjonane og nynorskversjonane plass på fronten, med eit kvarter kvar.

Ut i frå dette vart det samla inn statistikk basert på sidevisningar, lesetid, scrolling, og fråfall dei fem første sekunda i sakene.

I gjennomsnitt var det 31,2 prosent fleire sidevisningar på bokmålssakene, i forhold til nynorsksakene. Og det var også litt større fråfall på nynorsksakene.

Men i dei andre faktorane i undersøkinga kom nynorsk best ut. Lesarane hadde lengre scrolletid på nynorsksaker, og når dei først hadde klikka seg inn på ei sak på nynorsk, hadde den lengre lesetid enn saka på bokmål.

Nynorsklesarane brukte i gjennomsnitt 70,5 sekund på å lese ein artikkel, medan bokmålslesarane brukte 62,75 sekund i gjennomsnitt. Ei av årsakene til at det var nynorsk som kom best ut, gjeldt også kor mange som fullførte artikkelen.

– Sjølv om nynorsk ligg til grunn for begge målingane, er ikkje resultatet så dramatisk skeivt som ein kanskje kunne ha venta, seier Sofie Flølo Dyrstad, student ved NTNU og forfattar av mastergradsoppgåva.

– Forskjellen er såpass små samanlikna med styrkeforholdet mellom nynorsk og bokmål, at det kan verka som om lesarane har betre haldningar til og høgare toleranse for nynorsk enn først tenkt, og at mange lesarar er temmeleg likegyldige til kva skriftspråk dei les, seier ho.

Få klager

I løpet av testinga fekk Nettavisen tre negative tilbakemeldingar frå lesarar om bruken av nynorsk, langt mindre enn det som var venta.

Her er eksempel på saker som blei publisert, både på nynorsk og bokmål:

Har alltid stemt Arbeiderpartiet - går ut mot Støre og strømprisene: - Vi må ta et oppgjør

Han har alltid stemt Arbeidarpartiet - går ut mot Støre og straumprisane: - Vi må ta eit oppgjer

Favør for bokmål

Studien stadfestar likevel at styrkeforholdet mellom nynorsk og bokmål framleis går i favør av bokmål. Sidan bokmål har flest brukarar, og ikkje minst er mest synleg, ifølge Dyrstad.

– Lesarar av nettaviser blir i størst grad eksponerte for bokmål. Men sjølv om bokmål ikkje dominerer i styrkeforholdet, betyr ikkje dette nødvendigvis at nynorsk blir dårleg motteke i nettaviser, slik det også kjem fram i resultata, seier ho.

Les også: «Hen» møter motstand i høyringsrunde

«Nynorskens dag»

Den 12. mai blir nynorskdagen markert, som er datoen for sidestillingsvedtaket i 1885, då Noreg fekk to sidemål.

Jan Inge Fardal, leiar i Nynorsk pressekontor, meiner denne markeringa er like aktuell i dag:

– Det burde vere heilt naturleg å bruke nynorsk, men dessverre er det ikkje det, seier Fardal.

– Det er litt trist å høyre foreldre seie at deira håpefulle kvir seg så til norsktentamen. Det er ingen grunn til å kvi seg meir til han enn til nokon annan tentamen. Det har berre med fordommar og nedsnakking av nynorsk å gjera, seier han.

Fardal meiner dagen bør brukast til å nå dei som ikkje kan, eller torer å bruke nynorsk.

– Det er forskjell på nynorsk og bokmål, men det er ikkje noko vi skal kvi oss for. Og vi skal heller ikkje le av dei som skriv feil, seier han.

– Nynorsk er berre vakkert, ikkje farleg.

Sjølv om Fardal er bekymra for bruken av nynorsk, er han positiv til utviklinga i norsk presse.

– Det er ei positiv utvikling. Både Aftenposten og VG har byrja å opne for journalistar som vil skrive på nynorsk. Og det er bra, seier han.

Han meiner det likevel er ei avis som skil seg ut.

– Og det er Dagbladet som seier tvert nei. Eg veit ikkje om eg skal le eller gråte over ei slik haldning. Det finst sikkert gode nynorskbrukarar i redaksjonen, som kunne ha fått sleppe til i alle fall på ein dag som denne, seier Fardal.

For ordens skuld: Sofie Flølo Dyrstad har vore vikar i Firda.

Les også: Sidemål er både demotiverende og tåpelig