I fjor haust varsla Havyard Leirvik at dei skulle nedbemanne med ca. 100 tilsette. For ein kommune med 1.300 innbyggarar var dette dramatisk, og kommunen måtte gjere noko.

Eit prosjekt, Hyllestad omstilling og vekst, vart i første omgang etablert. No er resultata klare, skriv Aksello og Hyllestad kommune i ei pressemelding:

  • Nesten ingen av dei 160 fast tilsette frå Havyard blei arbeidsledige (Dette inkluderer ikkje dei 300 innleigde tilsette).
  • Fleire nye verksemder er etablerte.
  • Havyard Leirvik har klart seg godt gjennom omstillinga.
  • Neste fase i omstillingsarbeidet er klar for oppstart.

– Dette kunne gått riktig gale, seier ordførar Kjell Eide.

– Då 100 arbeidsplassar i november 2020 vart truga i eit lite lokalsamfunn som vårt, måtte vi gjere noko. No som vi faktisk står, eitt år seinare, med så å seie ingen ledige av dei 100, og fleire nye verksemder etablert, føler vi på mange måtar at vi er komen styrka ut av det første året med omstillingsarbeid, seier han.

Gode tider i det lokale næringslivet har gjort det relativt enkelt for dei oppsagde å skaffe ny jobb, og arbeidskrafta frå Havyard Leirvik har vore svært ettertrakta. Nokre har også valt å pensjonere seg.

Prosjektet har hjelpt dei med behov:

  • Mange har blitt personleg intervjua for å kartlegge deira ønskjer og moglegheiter.
  • Nokre har fått betalt kurs for å auke kompetansen.
  • Rask avklaring og oppstartshjelp til dei som ville etablere bedrift.

Prosjektleiar Arne Olsen frå Aksello er nøgd med at måla i prosjektet vart nådde:

– Det er det viktigaste. Så har det skjedd på ein måte som har teke i vare omsynet til Havyard Leirvik si framtid, og det er vi veldig glade for. Vi har halde oss innanfor både tidsplanen og budsjettet. Vi har vore heldige og hatt med oss i prosjektgruppa og styringsgruppa framifrå representantar frå Hyllestad kommune og nabokommunane Høyanger og Fjaler, frå Akvahub, frå Vestland fylkeskommune, frå næringshagen Klar Bedrift og frå Havyard Leirvik sjølve, både frå dei tilsette og frå leiinga. Det har sørga for gode innspel og god kontroll heile vegen, seier Olsen.

Nedbemanningsprosessar kan vere svært konfliktfylte. Denne på Havyard Leirvik har heldigvis vore god, med naudsynt openheit og samarbeid internt mellom dei tilsette og leiinga. Det vert stadfesta både av hovudtillitsvald Jan Olav Gjerde og direktøren, Tor Leif Mongstad.

Tillitsvald Gjerde held fram:

– I denne vanskelege perioden spela prosjektet ein viktig rolle, fordi dei tilsette visste at dei hadde nokon å gå til og nokon som aktivt jobba for dei.

Vidare seier Anette Traa i Havyard Leirvik at prosessen og prosjektet har vore viktig og nødvendig. Prosjektet har bidratt til nye impulsar og tankar for Havyard Leirvik, som meiner at dei kjem styrka ut av prosessen. Ho held fram:

– Havyard rettar blikket framover og er allereie komen godt i gong med service og ombygging. Verftet har per i dag arbeid fram til mai månad og er i forhandlingar om fleire prosjekt. Havyard bygger opp drifta på ein kontrollert måte, slik at vi framleis skal vere ei stor, god og solid bedrift med trygge arbeidsplassar i Hyllestad kommune.

Men omstillingsperioden i Hyllestad er ikkje over. Prosjektansvarleg Laila Johannessen er klar:

– Sjølv om første år med omstilling viser gode resultat, er omstillinga nett begynt. Vi skal no starte fase 2 i omstillingsarbeidet. Denne fasen er ein skalering og utviding av elementa frå Havyard Leirvik-prosjektet. Det handlar om å styrke næringsgrunnlaget for lokalt næringsliv i Hyllestad, bidra til å sikre dei eksisterande arbeidsplassane, og bidra til å etablere nye. Vi skal også ha eit ekstra fokus på unge kvinner sin etablering og bulyst i Hyllestad. På område der vi har same utfordringar som nabokommunane vil vi invitere til samarbeid. Prosjektet er godt planlagt med mange spennande aktivitetar, så følg med, avsluttar ho.