Nei, Siv Jensen driv ikkje med mobbing!

Siv Jensens powerpoint var langt ifrå elegant. Ein tolvåring hadde funne på mykje meir spennande namn enn dette, skriv ansvarleg redaktør i Firda, Kai Aage Pedersen.

Siv Jensens powerpoint var langt ifrå elegant. Ein tolvåring hadde funne på mykje meir spennande namn enn dette, skriv ansvarleg redaktør i Firda, Kai Aage Pedersen. Foto:

DEL

KommentarDette er ein kommentar, skrive av ein redaksjonell medarbeidar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Det politiske korrekte landet vårt har gått av hengslene endå ein gong siste veka. No er det eit retorisk grep, på ein Powerpoint frå Siv Jensen, som får forståsegpåarane, til å gå frå konsepta.

– Blir det «Vingle-Jonas»? «Ulve-Audun»? «Bompenge-Lan?» Eller «Kommunist-Bjørnar»? spurte Jensen, frå talarstolen på FrP sitt landsmøte.

Og dermed braka det laus. Blant anna i den kristne dagsavisa Vårt Land, som på leiarplass tek dette på største gravalvor:

«Når Jensen omtaler sine motstandarar som «Vingle-Jonas» og «Ulve-Audun» vil fort ungdom kunne kalle sine klassekameratar for «Tjukke-Emma» og «Feminist-Ida» og «Homo-Ole». Vi vil alle vere einig i at dette rett og slett er mobbing», skriv avisa.

I trauste Sunnfjord hender det at Firda prøver seg på humor. For eksempel kan vi våge oss frampå med eit stikk til Sunnfjord-ordførar Olve Grotle som risikerer å hamne på «skammas liste», Robek-lista til fylkesmannen. Då blir ordføraren omtalt som Robek-Olve. Samtidig gjer vi eit poeng av at han nettopp har fortalt veljarane at han har ambisjonar om å bli politikar på Løvebakken – langt ifrå dei tøffe budsjettutfordringane i kommune-Norge, og langt frå Robek-lista til fylkesmannen. Krenk! Krenk!

Er dette mobbing? Og var det mobbing då halve Norge lo av helseminister Bjarne Håkon Hanssen som fekk det folkelege oppnamnet Pølse-Hanssen? Og var det mobbing då fiskeriminister Jan Henry T. Olsen vart kalla for No Fish Olsen etter å ha vore knallhard i fiskeriforhandlingane med EU?

Alle desse oppnamna har forskjellig opphav, sjølvsagt. Alle har si historie. Og det er himmelvid forskjell på å kalle ei overvektig jente for Tjukke-Emma og det å kalle ein av dei fremste maktpersonane i Norge for Kommunist-Bjørnar.

Det må rett og slett Bjørnar Moxnes tole! Og Olve Grotle, med vel 1.2 millionar i ordførarløn, må tole det same.

Og politikarane toler dette godt. Det er alle dei som sit rundt dei, med tastatura sine, klar til å pirke i smått og stort, som reagerer.

Det kunne vore freistande å kalla å finne eit samleuttrykk for alle desse lettkrenka folka som dominerer debatten i landet vårt. Eg kunne for eksempel brukt Einar Førde sin ord, då han karakteriserte ein politisk motstandar i ein debatt om kongehuset:

«Dei gjer seg sine tankar slike og»

Men vi skal la dei gå i fred, utan kallenamn.

Siv Jensens Powerpoint var langt ifrå elegant. Ein tolvåring hadde funne på mykje meir spennande namn enn dette. Men FrP-leiaren har fått det som ho ville. Ho har nådd ut til vanlege folk med ein enkel bodskap.

Og alle dei som har omtalt dette som mobbing har gitt eit vesentleg bidrag til akkurat det.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken