Gå til sidens hovedinnhold

Nedgang i resultatet for same kvartal i fjor: – Gledeleg totalbilde

Resultatet før skatt viser ein liten nedgang av same kvartal i fjor. Administrerande direktør synest likevel totalbildet er gledeleg.

– Resultatet i 2. kvartal er lågare enn i fjor, men det skuldast særskilde forhold med fjoråret. Ser vi på 1. halvår samla har vi no betre resultat enn på same tid i fjor.

Det skriv Sparebanken Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Resultatet til banken viser 208 millionar kroner før skatt. Ved same kvartal i fjor hadde dei eit resultat på 248 millionar kroner. Totalresultatet etter skatt er på 171 millionar kroner.

Administrerande direktør Trond Teigene fortel at han er godt fornøgd med resultatet.

– Det er eit gledeleg totalbilde i utfordrande tider. Resultat viser god vekst både i utlån og i andre inntekter, låge tapsavsetningar og god kostnadskontroll.

Pandemien har gått betre enn frykta for næringslivet

Sparebanken Sogn og Fjordane har seks av ti aksjeselskap i Sogn og Fjordane som kundar. Då pandemien braut ut for halvanna år sidan var fleire bekymra.

– Tilbakemeldingane frå næringslivskundane er at det går betre enn frykta då pandemien braut ut. Det er nyansar i dette bildet, men totalbildet er forholdsvis positivt, og det er gledeleg å sjå, seier Teigene.

Sjølv om mykje har gått betre enn fryktar, fortel Teigene at næringane merkar ringverknadane av pandemien.

– Pandemien har vart lenge, og det skapar stadig nye utfordringar. Til dømes er det ei usikkerheit i vareflyten, både nasjonalt og globalt. Det er ei aukande uro knytt til prisauke og å sikre varetilgang, både i byggebransjen og i varehandel, legg han til.

Ingen tapsavsetning

Ifølge banken er totalresultatet av kvartala hittil i år betre enn same periode i fjor. Årsaka til dette er særleg at banken i 1. halvår i fjor såg seg nøydd til å gjere relativt store avsetningar til forventa tap grunna usikkerheita som kom rundt pandemien.

Så langt har lite av desse avsetningane blitt til faktiske tap, og banken har difor vurdert at det ikkje har vore naudsynt å auke avsetningane. Hittil har banken difor netto 0 millionar kroner i tapsavsetningar.

– Inntrykket vårt er at bedriftene i Sogn og Fjordane har klart seg relativt bra gjennom pandemien, men langtidseffektane av pandemien er framleis usikker, seier Teigen.

Auke hos privatkundane

Utlån til privatkundar auka med 800 millionar kroner i 2. kvartal. Det fører til at veksten dei siste 12 månadane er på 6,9 prosent.

– Banken har over tid hatt høgare vekst i utlån til privatkundar enn den nasjonale kredittveksten. Dette fortel at vår satsing på kombinasjonen av gode digitale løysingar og personleg rådgjeving framleis står seg godt i konkurransen, seier Teigene.

Også salsinntektene i eigedomsmeklarverksemda har auka samanlikna med same periode i fjor.

– Bustadprisane helg fram med å auke. I andre kvartal er auken på 3,7 prosent, og hittil i år har bustadprisane i Sogn og Fjordane auka med om lag 9 prosent. Hittil i år har salsinntektene i eigedomsmeklarverksemda auka med 25 prosent, seier Teigene.

Kommentarer til denne saken