Nedgang for Sparebanken Sogn og Fjordane: 80 prosent dårlegare enn i fjor

GODT RUSTA: Administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene, meiner Spareanken er godt rusta trass i koronakrisa.

GODT RUSTA: Administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene, meiner Spareanken er godt rusta trass i koronakrisa. Foto:

Resultatet før skatt er berre ein femtedel av same kvartal i fjor. Sparebanken Sogn og Fjordane får kjenne på koronapandemien.

DEL

– Sparebanken Sogn og Fjordane står seg godt, men merkar at korona-situasjonen pregar samfunnet vårt.

Det skriv dei i ei pressemelding onsdag.

Resultatet til Sparebanken Sogn og Fjordane, før skatt, viser 29 millionar kroner. Ved same kvartal i fjor, kunne dei summere heile 159 millionar kroner. Det er altså ein nedgang på 81 prosent i resultatet frå eit år til eit anna.

I meldinga står det at resultatet er sterkt prega av verknadane koronakrisa får for bedriftene i banken sitt kjerneområde, skriv dei i pressemeldinga.

Resultatnedgangen skuldast 80 millionar som er sett av til forventa tap på utlån, og negativt resultat frå finansielle instrument på 49 millionar kroner. Begge delar grunna koronapandemien.

HOVUDLINJER PR. 1. KVARTAL 2020 

(Tal frå 2019 i parantes)

Netto renteinntekter 250 mill. kr (220 mill. kr)

• Resultat finansielle instrument -49 mill. kr

(30 mill. kr)

• Driftskostnader 124 mill. kr (122 mill. kr)

• Tap på utlån 80 mill. kr (1 mill. kr)

• Totalresultat 12 mill. kr (126 mill. kr)

• Eigenkapitalavkastning 0,9 % (10,8 % p.a.)

• Kapitaldekningsprosent 19,00 % (18,18 %)

Godt rusta

Sparebanken Sogn og Fjordane er likevel solid og har ein kjernekapitaldekning på 15,9 prosent som er godt over regulatorisk krav og ein god utlånsvekst på seks prosent siste tolv månadar.

– Sparebanken Sogn og Fjordane har levert gode resultat over tid, det gjer at banken er solid og har likviditet til å stå støtt gjennom situasjonen vi er i. Vi har seks av ti aksjeselskap i Sogn og Fjordane som kundar, og ei av våre viktigaste oppgåver er å hjelpe våre bedriftskundar som har fått utfordringar som følge av tiltaka, fortel administrerande direktør Trond Teigene.

Vil hjelpe organisasjonar i koronavanskar

Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har ei ramme på om lag 55 millionar kroner i gåver- og sponsormidlar for 2020, og har blant anna sett opp ei ekstraordinær søkarrunde for lag og organisasjonar som treng pengestøtte grunna koronakrisa.

– Banken skal vere ein trygg og langsiktig støttespelar for kultur, idrett og næringsretta tiltak i lag med våre eigarstiftingar. Vi vil at Sogn og Fjordane skal ha eit allsidig kulturliv og mykje aktivitet i lokalmiljøa, og håpar at lag og organisasjonar som blir råka av koronasituasjonen søker midlar hos eigarstiftinga vår, seier Teigene.

Artikkeltags