VG opplyste fredag føremiddag at ei sentral kjelde har stadfesta at den tidlegare Sp-leiaren og statsråd, Liv Signe Navarsete, blir ny statsforvaltar i Vestland.

Dette vart offesielt hos Kongen i statsråd fredag føremiddag.

Navarsete tar over for Lars Sponheim, som gjekk av med pensjon 1. juni.

Det var til saman tre søkarar på stillinga. Dei andre var assisterande statsforvaltar Gunnar O. Hæreid (51) og Jacqueline Boateng (27). Ein fjerde person, ei kvinne, trekte søknaden sin.