Nav må ikkje lenger stille krav til legeerklæring for å godkjenne sjukmelding

Av

Nav kan frå og med fredag godkjenne sjukmeldingar sjølv om det ikkje blir lagt ved legeerklæring.

DEL

Regjeringa kunngjorde regelendringa fredag.

Det tyder at Nav ikkje lenger må krevje ei erklæring frå legen for å akseptere sjukmeldinga. Dette heng saman med dei nye hastetiltaka, der staten betaler for koronarelatert sjukefråvær frå dag fire.

Alle som sit i karantene eller er sjuke utan behov for legehjelp, er oppmoda til å be arbeidsgivar om å akseptere eigenmelding i heile den vanlege arbeidsgivarperioden på 16 dagar, skriv departementet i ei pressemelding.

Ein viktig bodskap til arbeidsgivarar er derfor at kortare arbeidsgivarperiode ikkje innskrenkar dagens tilgang til bruk av eigenmelding.

– I praksis tyder dette at arbeidsgivarar kan godta eigenmelding for heile den noverande arbeidsgivarperioden på 16 dagar i trygg forvissing om at Nav seinare ikkje vil nekte å refundere sjukepengane fordi arbeidstakaren brukte eigenmelding framfor legeerklæring, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Ingen skal tape på å bruke eigenmelding, verken arbeidsgivarar eller arbeidstakarar, legg han til.

Artikkeltags