Naustdalstunnelen blei torsdag kveld stengd ei lita stund. Det takka vere ein syklist som har trassa skiltinga om at det ikkje er lov å sykle i tunnelen.
Det stadfestar trafikkoperatør John Andreas Omdal i Vegtrafikksentralen Vest.
Tunnelen er no opna att.
Får ti minutt
Omdal fortel at når det blir ringt inn meldingar om syklistar i tunnelar, så har dei ikkje anna val enn å stenge.
– Dei kan vere utan refleks, og kome brått på for bilistar som ikkje ventar å møte syklistar, forklarer han.
Men om du skulle gjennom Naustdalstunnelen, kunne Omdal roe med at stenginga ikkje ville vare så lenge:
– Han var midt i tunnelen då meldinga kom, så han får ti minutt på å kome seg ut, seier Omdal.
Liten sjanse for å bli teken
Trass i at det ikkje er lov å sykle i tunnel, så er det ifølge Omdal sjeldan at det endar i bøter. Det kjem av at syklistane ofte er ute av tunnelen før politiet kjem fram. Men om politiet treffer på deg i ein tunnel der det ikkje er lov å sykle, så kan du rekne med ei bot ifølge Omdal.
– Men då skal du ha litt uflaks, seier han.
Trafikkoperatøren rår til at ein ikkje syklar i tunnelane, men heller syklar rundt der det er mogleg.