Først i landet med vektløfting som valfag

ERFAREN: Læraren for det nye valfaget er Sandra Trædal, som har lang erfaring med vektløfting og har meir enn ein premie til å støtte under.

ERFAREN: Læraren for det nye valfaget er Sandra Trædal, som har lang erfaring med vektløfting og har meir enn ein premie til å støtte under. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

NAUSTDAL: Naustdal barne- og ungdomsskule er dei første i landet som har vektløfting som valfag. Allereie i haust er det 21 åttandeklassingar som prøver ut det nye faget.

DEL

Med ein eliteløftar i lærarstaben får elevane tett oppfølging i treninga, men valfaget siktar vidare enn vektløfting. Faget skal nemleg vere med på å legge grunnlaget i ein ny fagplan for fysisk aktivitet i skulen. Ny kunnskap gjer at lærebøkene må skrivast om.

– Før trudde dei at styrketrening var farleg for ungdom i vekst, no har det vist seg at styrketrening er med på å førebygge skadar som beinskjørheit, og bygger opp musklar og skjelett. På grunn av feilinformasjon har ikkje lærebøkene vore gode nok, seier leiar for Nord-Vestlandet vektløftarregion, og medutviklar av fagplanen, Ola Bergheim frå Breim.

Allereie eit sterkt vektløftarmiljø

Det er sjølvsagt ikkje tilfeldig at dette skjer i Naustdal. Vektløftargruppa i Tambarskjelvar IL har i fleire tiår levert europameistrar, nordiske meistrar og dusinvis av norske meistrar. Dette miljøet vert no brukt i planlegginga og gjennomføringa av det nye faget. Den nye styrkehallen vart bygd til EM i vektløfting i april i fjor, og hallen vert no brukt både av løftarane i idrettslaget og elevane ved Naustdal barne- og ungdomsskule.

Heile 21 åttandeklassingar har sidan skulestart prøvd ut det nye faget kvar tysdag og torsdag. Lærarar er Terje Sande Solheim og Sandra Trædal. Trædal har vore lærar på skulen i tre år, og ho er også ein av eliteløftarane i Tambarskjelvar IL.

– Det er overraskande, men veldig gøy at så mange har valt det, seier ho.

Mangel på jenter

Nokre i åttande klasse driv med vektløfting på fritida, men mange er heilt ferske. Av 21 elevar er det seks jenter i klassen. Trædal håpar på at fleire jenter startar med vektløfting etter kvart.

– Det er kjedeleg at det er så få jenter i kommunen som driv med dette, seier Trædal.

Ei av jentene i klassen er Kamilla Grønfur. Ho driv med fotball på fritida, men ønsker å bli meir sportsleg, og ho valde då vektløfting som valfag.

– Det er gøy å gjere øvingar eg vert sliten av, og kjekt å gjere noko eg aldri har gjort før, men eg trur ikkje eg kjem til å gjere det utover skuletida, seier Grønfur om vektløftinga.

Kristen Espedal Røyseth er også elev i vektløftarklassen. I motsetning til Grønfur driv han med idretten på fritida også.

DELTE MEININGAR: Både Kristen Espedal Røyseth og Kamilla Grønfur synest det er flott med valfaget. Men om sporten er verd å drive med på fritida er dei ueinige om.

DELTE MEININGAR: Både Kristen Espedal Røyseth og Kamilla Grønfur synest det er flott med valfaget. Men om sporten er verd å drive med på fritida er dei ueinige om. Foto:

– Eg synest det er supert å få det som valfag då det allereie er hobbyen min. Det er eit populært valfag på skulen, men tvilar på at det er like populært på fritida blant dei unge, seier Røyseth.

Ikkje berre vektløftarar har behov for styrketreninga

Rektor ved Naustdal barne- og ungdomsskule, Gunn Marit Haugsbø, meiner det er naudsynt for fleire fotballspelarar med den treninga dei får i valfaget.

– Dei er stive og støle i forhold til vektløftarane. Dette er skadeførebyggande. Men det skal også passe for mange som ikkje driv med idrett elles, seier rektor.

IDENTITET: Leiar i vektløftargruppa i Naustdal, Jørn Helgheim, meiner aktiviteten er identiteten til bygda. Her med rektor Gunn Marit Haugsbø.

IDENTITET: Leiar i vektløftargruppa i Naustdal, Jørn Helgheim, meiner aktiviteten er identiteten til bygda. Her med rektor Gunn Marit Haugsbø. Foto:

Fagplanen er ein detaljert plan for korleis ein kan gjennomføre basistrening, generell styrketrening og vektløfting innanfor den generelle læreplanen i valfaget fysisk aktivitet og helse. Fagplanen skal innehalde lærarrettleiing, ein læringsplan og døme på treningsøkter.

– Dette er eit pilotprosjekt, så vi skal bruke skuleåret på å skrive fagplanen. Når den er klar, vil det vere mogleg for alle skular som ønsker vektløfting som aktivitet, å bruke fagplanen, seier Jørn Helgheim, leiar for vektløftargruppa i Naustdal.

Måtte sette inn ein ekstra lærar

Då det vart 21 elevar i klassen, var skulen nøydd til å sette inn ein ekstra lærar, då hallen ikkje har kapasitet til alle elevane på same tid.

Terje Sande Solheim er den andre læraren i klassen. Han har vore kroppsøvingslærar ved skulen i Naustdal i fem år. Halve økta er sirkeltrening med Solheim, medan andre halvdel er styrketrening med Trædal.

DYKTIG LÆRAR: Kroppsøvingslærar Terje Sande Solheim synest det er flott med ein så dyktig lærar som Sandra Trædal.

DYKTIG LÆRAR: Kroppsøvingslærar Terje Sande Solheim synest det er flott med ein så dyktig lærar som Sandra Trædal. Foto:

– Det er topp at vi fekk dette valfaget då Trædal har mykje kunnskap frå før. Ikkje minst verkar det populært blant elevane. Ein skal ikkje sjå bort ifrå at nokre vil fortsette med dette på fritida, seier han.

Artikkeltags