For Ole Ingar og Katrine er skulen og fjorden viktigast

Ole Ingar Bruflot og Katrine Stubhaug har med seg borna Hedda Bruflot og Malin Bruflot og tanteungen Eilo på tur til røystelokalet i Naustdal kyrkjelydshus.

Ole Ingar Bruflot og Katrine Stubhaug har med seg borna Hedda Bruflot og Malin Bruflot og tanteungen Eilo på tur til røystelokalet i Naustdal kyrkjelydshus. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Naustdal har hatt fleire val med godt over 70 prosent oppslutnad. Også i år melder valfunksjonærane at det er eit jamt sig av veljarar.

DEL

Tidlegare har det vore fleire røystelokale, medan det i år berre er tre. Det er Vevring skule, nedlagde Dalen skule og Naustdal kyrkjelydshus. Med opphaldsvêr og fønvind ser ikkje den ekstra reistetida og køane ut til å plage nokon. Fleire ser ut til å gjere ein spasertur ut av borgarplikta, og ved kyrkjelydshuset sit det godt med folk både ute og inne.

Følg med på valresultat og mandatfordeling i Naustdal frå klokka 21.00

Vevring

Då Firda kom til Vevring litt over fire var det ikkje så mange i røystelokalet. Men etter kvart som klokka nærma seg fem vart kø inn til gymsalen i Vevring skule.

Ruth Bodnariu og Matei ventar på å få røyste ved røystelokalet i Vevring.

Ruth Bodnariu og Matei ventar på å få røyste ved røystelokalet i Vevring. Foto:

Ruth Rodnariu har nett henta sonen i barnehagen. Matei Rodnariu vil helst heim og ete, men Ruth meiner årets val er viktig nok til å stå litt i kø først.

– Ja, det vil eg seie. Det er mange viktige saker å stemme for. For min del er det sakene om gruve og skulestruktur som avgjer valet.

Firda rapporterer direkte frå valet. Les alt her.

Fjordsaka blir viktig i Vevring. Vegen ut dit er tapetsert med banner og skilt i hagane. Likevel, det er ikkje alle som er samde her ute heller. Veljarane er tydeleg spente på resultatet.

Dalen

I Dalen er parkeringsplassen ved den nedlagde skulen full av bilar. På gangen står ein gjeng som ventar på å få komme inn for å røyste ved kyrkjevalet. I gymsalen sit funksjonærane på rekke og rad og ventar.

Stig André Løtuft er førstegonsveljar. Han røystar i Dalen.

Stig André Løtuft er førstegonsveljar. Han røystar i Dalen. Foto:

Det går litt i rykk og napp seier dei, rett før det plutseleg kjem ein ny gjeng som setter seg i kø på stolane.

Ein av dei Stig André Løtuft. Han er nitten år og skal røyste for første gong, men er framleis usikker. Svaret får han først når han har gått inn og får sett litt på listene og kven som står på dei.l

– Saka om fjorddeponi er viktigast for meg. Skule er på andre plass, seier han.

Elles er han ikkje så veldig opptatt av andre saker. Det er desse to som avgjer valet.

Sentrum

Utanfor kyrkjelydshuset finn vi Ole Ingar Bruflot og Katrine Stubhaug på veg inn. Dei har tatt ein spasertur den milde seinsommarkvelden.

Dommen har dei allereie felt. Var det eit enkelt val?

– Ja, svarar dei begge to.

Ole Ingar Bruflot og Katrine Stubhaug har med seg borna Hedda Bruflot og Malin Bruflot og tanteungen Eilo på tur til røystelokalet i Naustdal kyrkjelydshus.

Ole Ingar Bruflot og Katrine Stubhaug har med seg borna Hedda Bruflot og Malin Bruflot og tanteungen Eilo på tur til røystelokalet i Naustdal kyrkjelydshus. Foto:

Dei to er også samde om kva som er dei viktigaste sakene. Det er fjorden og skulen.

– Kjem de til å sitte klistra framfor skjermen og følge med i kveld?

– Nei, men det blir litt spennande. Vi vil nok følge med, men det kjem an på kor seint det blir, seier Stubhaug.

Aksjonistar ved vallokalet

Utanfor vallokalet står det tre aksjonistar frå Natur og Ungdom. Dei meiner dei har rett til å stå der, men alle er ikkje heilt samde i det. Dei har fått kjeft frå somme og hyggelege samtalar med andre.

– Er det ikkje litt i grenseland å demonstrere utanfor vallokalet?

– Det er politiske parti som ikkje har lov til det, svarar dei.

Artikkeltags