Får 50.000 til tursti-prosjekt, men må vente med spaden til neste år

FRÅ SYNFARINGA: Her er Stian Grimseth (t.v.) saman med Oddbjørn Schei under synfaring i januar.

FRÅ SYNFARINGA: Her er Stian Grimseth (t.v.) saman med Oddbjørn Schei under synfaring i januar. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

NAUSTDAL: Stian Grimseth og Stavdalen grendelag får 50.000 kroner til å arbeide vidare med turstiprosjektet i Naustdal.

DEL

Planen er ein opplyst gang- og sykkelveg som skal binde saman øvste delen av byggefeltet, ned mot Jarane og inn mot Grimseth. Prislappen er no venta å bli rundt to millionar.

Formannskapet vedtok 8. mars at prosjektet får 50.000 kroner til vidare utgreiing. Det blei også bestemt at Naustdal kommune skal stå som anleggsutbyggar, medan grendelaget og grunneigarane må stå for drift og vedlikehald av anlegget. Grendelaget må også ta ansvaret for gjennomføringa av utbygginga.

– Dette er veldig positivt for prosjektet. Det var eit viktig punkt for oss at kommunen no står som utbyggar, seier initiativtakar Stian Grimseth.

Trivsel og folkehelse

Rådmannen har i si tilråding peika på at prosjektet har potensial til å bli eit trivsels- og folkhelsebidrag for innbyggarane i Naustdal.

– Anlegget vil kunne bidra til at menneske i alle aldrar og funksjonsnivå får tilgang til attraktive og tilrettelagt friluftsareal i nærleiken. Anlegget vil og legge til rette for at mjuke trafikantar busett i og rundt Hukset for betre tilkopling til sentrum. Det verker difor sannsynleg at spelemiddelordninga og bankstiftingar vil prioritere å gje tilskot til ei slik turløype, skriv rådmannen.

Vil byggje turløype til 1,2 millionar 

Må vente med spaden

Men rådmannen listar også opp nokre punkt som er uklare og som bør utgreiast. Blant punkta er detaljar rundt traséen, tryggleiksanalyse, kostnadsvurdering, framdriftsplan, grunneigaravklaringa og vedlikehaldskostnader. Dette vil rådmannen ha på plass, før ein kan gå i gang med det fysiske arbeidet.

– No vil vi jobbe framover våren med dette, seier Grimseth.

Bakgrunn

Stian Grimseth har tatt initiativ til turområdet på 1,8 km. Med seg på laget har han fått Stavdalen grendelag.

Grunneigarane i området er Birger Erdal, Stian Grimseth, Jon Andre Grimseth og Oddbjørn Schei.

Tiltaket har fått idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning.

Traseen er ikkje fullstendig fastlagd, men det vert jobba med planar som skal definere anlegget.

Grimseth har tidlegare sagt til Firda at målet var å komme i gang med bygginga i år. Ut frå den administrative vurderinga som kommunen no har gjort, vil byggestart bli tidlegast i 2019. At prosjektet no blir utsett med eit halvår, ser Grimseth likevel ikkje mørkt på.

– Som utolmodig sjel ville eg jo vore i gang med gravinga allereie. Men det har skjedd mykje på kort tid, og at vi no får på plass dette med kommunen vil vere ein styrke for prosjektet. Dette kan også vere bra opp mot grunneigarane, slik at dei får tid til å henge med på kva som skjer. Tilrådinga frå rådmannen er veldig positiv, og det er kjekt at dette vert behandla som eit positivt og godt prosjekt, avsluttar Grimseth.

Artikkeltags