Dette er var den mest populære turen i Naustdal i 2017. Sjå kor mange som gjekk her

POPULÆR: Svistølen sigla opp som det mest populære turmålet i Naustdal i 2017.

POPULÆR: Svistølen sigla opp som det mest populære turmålet i Naustdal i 2017. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

NAUSTDAL: Svistølen i Naustdal fekk 1521 besøk i 2017 og blei det mest besøkte turmålet i fjor.

DEL

Steinkorsen er likevel det mest populære turmålet i Naustdal i perioden 2013-2017, med totalt 5581 besøk.

Tala er samlar inn i samband med prosjektet Over stokk og Stein der Naustdal kommune har merka 15 turstiar og utarbeidd eit kommunalt turkart. Grunneigarar, Tambarskjelvar IL, lag, organisasjonar og frivillige har deltatt i prosjektet.

Henning Malones, fagleiar skog og vilt, fortel at dei framleis manglar tal for Varlivatnet.

– Postkassa der er nedsnødd, så der får vi nok ikkje noko tal før langt ut på våren, seier han.

Artikkeltags