Tambarskjelvar tok åtte medaljar på éi helgåtte

BØSEN GJENG: Medaljevinnarane på Tambarskjelvar under NM i Naustdal: Vebjørn Varlid, Ine Andersson, Sindre Rørstadbotnen, Sandra Instefjord Trædal, Tore Gjøringbø, Marit Årdalsbakke, Yngve Apneseth og Jantsen Øverås.

BØSEN GJENG: Medaljevinnarane på Tambarskjelvar under NM i Naustdal: Vebjørn Varlid, Ine Andersson, Sindre Rørstadbotnen, Sandra Instefjord Trædal, Tore Gjøringbø, Marit Årdalsbakke, Yngve Apneseth og Jantsen Øverås. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

NAUSTDAL: Sindre Rørstadbotnen tok NM-gull, og sju andre frå Tambarskjelvar tok medalje.

DEL

– Det kan ikkje bli betre!, seier Rørstadbotnen.

Denne søndagen løfta han til gull i 105-klassen under NM i Naustdalshallen. Tambarskjelvar sat igjen med åtte medaljar totalt: fire gull, to sølv og to bronse.

Rørstadbotnen seier det har vore ei utfordrande oppkøyring, med både hofteskade og ein gut på tre månadar som krev sitt.

Han hadde difor ikkje mykje håp om å ta kongepokalen for herrar, som enda opp med å gå til Kim Erik Tollefsen.

Rykka mest av alle

Vebjørn Varlid tok sølv i +105-klassen, og er spesielt nøgd med at han rykte mest av alle på stemnet.

– Eit av hovudmåla var jo at ingen skulle rykke meir enn Tambarskjelvar, smiler Varlid.

Med 162 kilo i rykk er han berre eitt kilo bak persen frå 2010, som var før den alvorlege kneskaden han fekk under NM i 2012. Persen hans i støt er 195, så der har han enno litt å gå på.

Varlid synest det er sterkt med sju medaljar for Tambarskjelvar på ei helg.

– Det har vore skikkeleg god stemning i laget heile helga, og mykje folk som har hjelpt til og lagt gode rammer for oss, seier han.

Fått skryt av arrangementet

Det er tredje gong at Tambarskjelvar arrangerer NM i Naustdal. Trenar Gunnar Reiakvam synest arrangementet har gått som smurt.

– Vi har fått mykje skryt. Til norske og nordiske meisterskap er dette heilt perfekt. Naustdal er den beste plassen å arrangere NM, vi er blitt rimeleg gode på det, seier han.

Reiakvam er jublande nøgd med sju medaljar. Han seier arrangementet har gått 95 prosent bra for Tambarskjelvar. Éin ting sakna han:

– Det ein liten tragedie at vi ikkje har sete igjen med kongepokal, så det var litt kjedeleg. Men det er høgt nivå, og det er ikkje berre berre å ta kongepokalen for verken herrar eller kvinner, seier han.

Ine Andersson var nærmast å vinne kongepokal.

– Ho hadde den langt ned i lomma, men så spratt den ut, seier Reiakvam.

Flust av medaljar

For Tambarskjelvar-kvinnene blei det gull til både Ine Andersson og Marit Årdalsbakke, som begge er kvalifiserte til EM.

Årdalsbakke persa i både rykk og støt, som sikra ho gull i 69-kiloklassen. Ho fekk opp 91 kilo i rykk og 105 kilo i støt. Ho prøvde seg på 110 kilo i støt, som ville ført ho opp i leiinga i kampen om kongepokalen, men det blei for tungt.

Andersson sikra gull i 63-kiloklassen med 85 kilo i rykk og 106 kilo i støt. Andersson hadde eit godt, men mislykka forsøk på 108 kilo i støt, som ville gitt ho ei leiing i kampen om kongepokalen.

Sandra Instefjord Trædal sette persar i begge øvingane og stakk av med bronse.

På herresida tok også Tore Gjøringbø sølv i 94-kiloklassen med 125 kilo i rykk og 160 kilo i støt. Jantsen Øverås tok gull i 77-kiloklassen, med 117 kilo i rykk og 140 kilo i støt. Og Yngve Apneseth tok bronse i 85-kiloklassen.

Også Robert Andre Moldestad frå Breimsbygda sikra seg ein medalje. Han tok bronse i 69 kilo-klassen.

Artikkeltags