Ho er første kvinne frå fylket som kvalifiserer seg til VM

VM-KLAR: Ine Andersson under EM i Førdehuset i 2016. No har ho klart kravet til VM i vektløfting.

VM-KLAR: Ine Andersson under EM i Førdehuset i 2016. No har ho klart kravet til VM i vektløfting. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VEKTLØFTING: Ine Andersson frå Tambarskjelvar sikra seg ein plass til VM i Turkmenistan i helga.

DEL

– Eg valde å konsentrere meg om rykk først. Det er der eg har hatt mest problem. I rykk handla det mest om å hente så mange kilo som mogleg den dagen, bli ferdig, og så kose meg med støyt der eg visste at eg hadde meir å gje, seier Ine Andersson.

Andersson, som løftar for Naustdal-klubben Tambarskjelvar, klarte laurdag kravet til VM i vektløfting for senior.

Ho tok VM-kravet med 82 kg i rykk og 105 i støyt i klasse 59 kg. Løfta kom under Ålborg Cup i Danmark.

– På støyt visste eg kor mykje eg måtte ta, og begynte med det som var kravet for kvalifisering. Det er høgt, men ikkje så høgt at det er umogleg, og eg er nøgd med at det gjekk på første forsøk, seier Andersson.

Frå før har Andersson vore med i tre EM. Det siste vart arrangert på heimebane i Førde og Naustdal, men dette er første gong ei kvinne frå fylket har klart VM-kravet i vektløfting.

Flyttar til Dubai igjen

Sjølv om Andersson løftar for Tambarskjelvar, har ho ikkje budd i Sunnfjord anna enn i perioden då ho førebudde seg til EM i Førde. No bur og jobbar ho som feiar i Oslo. Straks skal ho flytte til Dubai for å jobbe som vektløftartrenar. Førre gong ho flytta til Dubai fekk ho betre tid til å trene, det resulterte i gull under Women Grand Prix i Tyskland.

Ine flytta til Dubai for å trene meir, det resulterte i eit gull i Tyskland 

– Vi er dessverre ikkje fulltidsutøvarar og må ha inntekt ved sidan av, då må ein flytte dit ein får seg jobb, seier Andersson, som har budde mange stader i både inn- og utland dei siste åra.

– Kvifor vel du då å konkurrere for Tambarskjelvar?

– Gunnar Reiakvam er den klubbtrenaren i Norge eg har hatt best kontakt med. Eg flytta til Sunnfjord då eg satsa mot EM 2016 og har vore i klubben sidan. Det er der eg kjenner mest tilhøyrsle, seier Andersson.

Sjølv om ho fartar både hit og dit, har ho god kontakt med klubben.

– Vi snakkast på telefon og sender kvarandre oppdateringar, og så møtest vi på konkurransar og samlingar.

Nådde VM-målet

VM-troppen blir ikkje offisielt tatt ut før kvalifiseringsperioden er over neste helg, men det skal mykje til at Andersson ikkje er med.

– Det er ikkje så mange i den vektklassen, kanskje ein til som kan kvalifisere seg, og dei kan alltid sende to i kvar klasse, seier ho.

Når invitasjonane kjem, har ho truleg nådd eit stort mål.

– Eg har hatt eit mål om dette veldig lenge. No har eg vore med på tre EM, så dette var på tide, seier ho.

VM går i Turkmenistan 1.–10. november i år.

Artikkeltags