– I dag samlast undervass-jegerar for å markere vår motstand mot forsøplinga av elementet vårt, nemleg havet, seier Børge Møster i Frivannsliv.

– Vi brukar naturen, er glad i naturen og vil sjølvsagt ta vare på naturen.

Om lag 50 menneske var søndag samla på kaia i Vevring, i ei markering mot dumping av gruveslam i Førdefjorden. I front av arrangementet stod dykkarorganisasjonen Frivannsliv som også hadde to dagars dykkekurs, med avslutning i Vevring.

 

– Om gruvedrifta skader naturen, veit vi ikkje før skaden allereie er eit faktum. Men at det har miljømessige konsekvensar er alle fagmiljø einige i, seier undervatn-jegeren.

Riper i lakken

Saman med Anne-Line Thingsnes hald Møster eit lengre innlegg om fjorddeponi og miljøvern. Til stor applaus frå dei frammøtte.

– Vi treng ny innstilling til miljøet. Menneske må lære seg å samarbeide med naturen og ikkje øydelegge den, seier Møster og viste til blant anna sjødyr og fuglar som kvar dag døyr av maritim forsøpling.

 

– Å starte med fjorddeponi vil ikkje berre skade lokalmiljøet. Det vil og lage store riper i lakken til Norge sitt internasjonale miljøengasjement. Til dømes vil truverdigheita vår rundt regnskogarbeid i Brazil bli svekka, når vi på heimeplan dumpar gruveslam rett i fjorden.

Når det gjaldt dei samfunnsmessige gevinstane som arbeidsplassar og lokal kapital, var Møster sikker i si sak.

 

– Styresmaktene har førebels konkludert med at samfunnsgevinsten er større enn ulempene. Der er vi heilt ueinige. Ulempene større enn fordelane. Vi har berre ein natur å ta vare på, seier Møster.

Henta opp eigen mat

Demonstrantane ønska og å vise fram det fjorden har å by på. Gratis prøvedykk i samsvar med dykkarkurset og sjømatsuppe laga på sjølv-oppheita blåskjel og kråkebollar stod på agendaen. Dei to kompisane Kristian Jenssen (14) og Nikolai Kalstad (14) var ein av dei ivrigaste dykkarspirene.

 

– Det er kjempekjekt. Vi har henta opp mykje skjel, som vi no får smake på. Det er kjekt å få fridykke nettopp her. Det er utruleg mykje spennande å sjå, seier Nikolai frå Florø.

Kva syns de om fjorddeponi då?

– Eg er ikkje i mot gruvedrift. Men å dumpe avfallet i sjøen trur eg ikkje er ein god ide. Det kan skade naturen, seier Kristian.