Politiet jobbar med å finne syndaren: – Kan vente seg ei skikkeleg bot om han blir tatt

ULOVLEG KØYRING: Bildet er frå Ramsdalheia, like ved tunnelen. Spora gjekk heilt til topps på Solheimsnipa.

ULOVLEG KØYRING: Bildet er frå Ramsdalheia, like ved tunnelen. Spora gjekk heilt til topps på Solheimsnipa. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

NAUSTDAL: Politiet har hatt to kontrollar i utmarka i Naustdal etter meldingane om ulovleg køyring.

DEL

Både i førre veke og tysdag formiddag har politiet vore rundt om i utmarka i Naustdal for å prøve å finne ut kven som står bak den ulovlege køyringa i utmarka.

– Etter at dette kom fram i ein avisartikkel i Firda for litt sidan, har vi prøvd å følge opp dette, seier politiets innsatsleiar Joachim Malterud tysdag ettermiddag.

Ingen mistenkte

Den siste tida har det vore køyrt ulovleg med ATV i utmarka i Naustdal fleire plassar, mellom anna opp Solsidevegen, Liafjellet, Ramsdalslia og i traseane til turstien til Svistølen i Helgåsmarka.

Men førebels har ikkje politiet nokon mistenkte i saka.

– Vi jobbar no med å vere synlege i området i håp om at det kan vere noko avskrekkande. Møter vi folk, stansar vi dei og slår av ein prat. Vi fortel kva ærend vi er ute i, og håpar at det også spreier eit signal om av vi undersøker saka.

Saftige bøter

Om politiet finn ut kven som står bak køyringa kan personen vente seg ei saftig bot.

– Det er straffbart å køyre i utmarka utan løyve, og blir ein tatt ventar det ganske høge bøter. Det er snakk om bøter på godt over 10.000 kroner, seier Malterud.

Det er likevel sjeldan at politiet får sjansen til skrive ut desse bøtene.

– Det er ikkje lett å oppdage, då det ligg i saka sin natur at denne typen køyring ofte skjer i grisgrendte strøk.

Artikkeltags