Politiet fann denne plantasjen i Naustdal-bustad – mannen arrestert på staden

DYRKING: Politiet beslagla desse plantene i ein bustad i Naustdal kommune. Lensmann Dag Fiske er usikker på kva plantene er verdt.

DYRKING: Politiet beslagla desse plantene i ein bustad i Naustdal kommune. Lensmann Dag Fiske er usikker på kva plantene er verdt. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

NAUSTDAL: Politiet fann eit titals cannabisplanter og fullt av utstyr på ei privat adresse. – Dette er ikkje akkurat noko heimesnikra garderobeskapsløysing, seier lensmann.

DEL

Onsdag førre veke avdekte politiet denne mindre plantasjen i Naustdal kommune. Dei fann eit titals planter fordelt på fleire rom i bustaden, og plantene var komne langt nok i veksten til å produsere marijuana til bruk.

Dei fann også mykje utstyr i form av temperaturmålar, vifte, filter, varmelamper og anna utstyr for dyrking. Alt av utstyr og planter blei beslaglagt.

Halde på ei stund

– Det er eit visst omfang i dette. Det er ikkje noko sånn heimesnikra dyrking i eit garderobeskap. Det har vore ein viss mengde produksjon og det har halde på ei stund, seier lensmann Dag Fiske ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Gartnaren bak det heile var ein mann i 40-åra. Han var heime då politiet aksjonerte og blei arrestert på staden. Han har erkjent forholdet, og har erkjent at dette har gått føre seg over tid.

– Den sikta er kjend for politiet, men vi har ikkje hatt vedkommande i kikerten det siste året, seier Fiske.

Sjeldan politiet avdekker så mykje

Vedkommande er no lauslaten etter å ha blitt avhøyrd. Etter kvart kjem saka for retten, og den er meir eller mindre ferdig etterforska allereie, ifølge Fiske.

Avdekker de slik heimedyrking ofte?

Vi tar med jamne mellomrom dyrking på eit litt mindre proft nivå enn dette. Men såpass omfattande som denne er det lenger i mellom. Det er ca. eit år sidan sist vi hadde eit beslag i tilsvarande storleik, seier lensmannen.

Dyrkeutstyret som politiet beslagla.

Dyrkeutstyret som politiet beslagla. Foto:

Meir dyrkeutstyr.

Meir dyrkeutstyr. Foto:

Cannabisplantene.

Cannabisplantene. Foto:

Artikkeltags