Sjå kvar Naustdal får ny asfalt

ASFALTERING: fleire vegar i Naustdal kommune vil få ny asfalt i august.

ASFALTERING: fleire vegar i Naustdal kommune vil få ny asfalt i august. Foto:

Frå 5. til 31. august vil Naustdal kommune drive med asfaltering. Det vil kunne gi noko ventetid på vegane.

DEL

Naustdal kommune skriv på si heimeside at det i august vil bli asfaltert på ti vegar i kommunen.

Desse er Vevring (Kyrkjevegen), Svorstøl, Grimseth, Tunavegen, Ullaland byggefelt, Øyravegen, Reiakvam, Nes – Svoa, Klubbavegen og Slettehaug.

Asfaltarbeidet vil kunne føre til periodar med noko ventetid. Kommunen ber dei som vert råka om å vere tolmodige.

Asfalteringa blir gjort av Veidekke Industri AS og spørsmål om asfaltering på privat grunn kan avtalast direkte med Veidekke på telefonnummer 48 00 19 00.

Artikkeltags