Fekk arm i klem i ei stålpresse

TIL SJUKEHUS: Ulykka skjedde ved Sunnfjord Industri AS i Naustdal. Ein person er sendt til Førde sentralsjukehus i ambulanse.

TIL SJUKEHUS: Ulykka skjedde ved Sunnfjord Industri AS i Naustdal. Ein person er sendt til Førde sentralsjukehus i ambulanse. Foto:

Av og

NAUSTDAL: Sendt til Førde sentralsjukehus i ambulanse.

DEL

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder klokka 10.35 om ei arbeidsulykke i Naustdal.

Ein person har fått klemskader i ein arm, og naudetatane er på veg til staden.

– Vi veit ikkje omfanget enno, vi er ikkje framme på staden. Det skal vere snakk om ein klemskade i ein arm, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen, i Vest politidistrikt.

Arm i klem i stålpresse

Han fortel at ulykka har skjedd ved Sunnfjord Industri AS, og at ambulanse, luftambulanse, og dei andre naudetatane er på veg til staden.

– Det skal vere ein som har fått ein arm i i klem i ei stålpresse, seier Samsonsen.

Klokka 11.08 blir det meldt at den skadde er sendt i ambulanse til Førde sentralsjukehus.

Personen skal vere bevisst, og skadane blir omtala som moderate, ifølgje politiet, som no er på staden for å gjennomføre avhøyr.

Har oppretta sak

Politibetjent Øystein Russenes fortel til Firda på staden at politiet og arbeidstilstynet har oppretta sak, og kjem til å etterforske den vidare.

Han kan ikkje uttale seg om årsaka til ulykka enno, og heller ikkje om skadeomfanget, anna enn at det ikkje er kristiske skader.

Artikkeltags