Naustdal er framleis ein av dei dyraste kommunane i landet

I TOPPEN: Naustdal ligg på 10.plass blant landets dyraste kommunar å bu i, og har landets nest dyraste eigedomsskatt.

I TOPPEN: Naustdal ligg på 10.plass blant landets dyraste kommunar å bu i, og har landets nest dyraste eigedomsskatt. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

NAUSTDAL: Tala for eigedomsskatt er her. Naustdal er på 10. plass av dei dyraste kommunane, og har den nest dyraste eigedomsskatten i landet.

DEL

Når ein ser gebyr og eigedomsskatt under eitt, kjem Naustdal på 10.-plass for dei dyraste kommunane i landet. Innbyggjarane i Naustdal må betale heile 22.941 kroner. Av dette er 9270 kroner eigedomsskatt, som betyr at kommunen har den nest høgaste eigedomsskatten i landet.

Solund har den billegaste eigedomsskatten i fylket med 2400 kroner.

Bekymra på innbyggjarane sine vegner

– Når Naustdal kommune krev nærmare 23.000 kroner i året for ein standard bustad i eigedomsskatt og kommunale avgifter, er det veldig dyrt og eit kraftig innhogg i familieøkonomien, seier Jan Erik Mardal, distriktsleiar i Huseiernes Landsforbund i ei pressemelding.

Han er på innbyggjarane sine vegner bekymra når ein ser kor stor auke enkelte kommunar har hatt på skatte- og avgiftsnivået på svært kort tid og den store samla skatte- og avgiftsbelastning som mange bustadeigarane har fått.

Eigedomsskatt

Huseiernes Landsforbund presenterer i ein rykande fersk rapport kommunane si innkrevjing av eigedomsskatt og kommunale gebyr i 2018 for ein standard bustad på 120 kvadratmeter. Undersøkinga omfattar alle kommunane i landet og er gjennomført av Statistisk Sentralbyrå på oppdrag frå Huseiernes Landsforbund. Datamaterialet er henta frå databasen som blir nytta i kommunane si KOSTRA-rapportering.

Hornindal er på topp i fylket når det kjem til kommunale avgifter med 18.692 kroner i avgifter for vatn, avløp, renovasjon og feiing, medan innbyggjarane i Årdal er billigast og slepp unna med 6050 kroner.

Fleire kommunar får eigedomsskatt

I 2007 hadde 142 av kommunane eigedomsskatt på bustad. I år har heile 290 av 422 kommunar eigedomsskatt. Ni nye kommunar innførte eigedomsskatt på bustad i 2018, og ein av desse var Luster kommune. Luster ligg no på topp ti av dei kommunar som har hatt størst auke i samla eigedomsskatt og kommunale gebyr frå 2017 til 2018.

– Dei kommunane som sender dei høgste rekningane må no finne ut korleis dei kan betre drifta og redusere rekninga til innbyggarane seier Mardal som er spent på kva effekt kommunesamanslåingane her i fylket vil gje for avgifts- og skattebelastninga til den enkelte.

Rammar blindt utan å ta omsyn

– Tala fortel oss at det trengs ei bevisstgjering blant dei lokale politikarane om den totale skatte- og avgiftsbelastninga som den enkelte huseigar må ta omsyn til, seier Jan Erik Mardal, og viser til at særleg eigedomsskatten rammar blindt utan å ta omsyn til den enkelte bustadeigar si gjeld, inntekt og betalingsevne.

Klikk her for å sjå kor mykje det kostar å bu i din kommune.

Artikkeltags