Sju millionar har lese om Gunnar

Gunnar Garfors, på Kapp Verde - har her besøkt alle verdas land.

Gunnar Garfors, på Kapp Verde - har her besøkt alle verdas land. (Foto: )

DEL

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

– Det er heilt vilt, og utruleg kjekt, seier Gunnar Garfors frå Naustdal til Bergens Tidende, som har laga ein lengre artikkel om Garfors i dagens avis.

Gunnar Garfors har vore i alle verdas 198 land, og det var då avisa Business Insider skreiv om Gunnar at det tok heilt av.

Les også: No har Gunnar sett heile verda

Les også: Fekk plass i Guinnes

Reisekjendis

Plutseleg er Garfors blitt «reisekjendis», og naustedølen har fått det travelt på Facebook og Twitter dei siste dagane.

– Meldingane haglar inn, seier han til BT.

Les også: Sette verdsrekord

Lokal kjendis

Gunnar Garfors har også blitt lokal kjendis dei siste månadane, gjennom kampen mot fjordeponi i Førdefjorden. Han har mellom anna meldt flytting frå Oslo til Naustdal, så no er han vekependlar.

Les også: Flytta frå Oslo til Naustdal for å stemme mot deponiet

Artikkeltags