Rådmannen likar forslaget om redusert fartsgrense

LANG KAMP: Det har vore kjempa for redusert fartgrense gjennom Naustdal sentrum i lang tid. No gler rådmannen seg over at Statens vegvesen tilrår 60-sone på strekninga.

LANG KAMP: Det har vore kjempa for redusert fartgrense gjennom Naustdal sentrum i lang tid. No gler rådmannen seg over at Statens vegvesen tilrår 60-sone på strekninga. Foto:

Rådmannen i Naustdal er glad for at Statens vegvesen no tilrår 60-sone på rv. 5 gjennom Naustdal sentrum.

DEL

Formannskapet skal behandle høyringsuttalen til tilrådinga frå Statens vegvesen i sitt møte torsdag. Der blir dei møtt av ei tilråding der rådmannen støttar framlegget om redusert fartsgrense frå dagens 70 km/t til 60.

I tillegg ser rådmannen tilrådinga som eit godt grunnlag for vidare avklaringar om trafikksituasjonen langs riksveg 5 i den pågåande revisjonen av kommunedelplanen.

– Rådmannen ser framlegget som eit godt steg på vegen til at Naustdal kommune og Statens vegvesen har felles forståing av trafikkforhold, trafikktrygging og vilkår for utbygging i Naustdal, skriv han i si vurdering til formannskapet.

Kommunen søkte om 50-sone på strekninga frå riksvegbrua til Naustdalstunnelen i 2017. Avslaget frå Statens vegvesen kom hausten 2018. Tidleg i 2019 bad kommunen Statens vegvesen gjere ei ny vurdering i lys av nye forskrifter. Det er no gjort, og vegvesenet si tilråding er sendt på høyring til kommune, politiet og fylkeskommune. Svarfrist er sett til 30. april.

Artikkeltags