Verdsrekorden er innan rekkevidde

NESTEN I MÅL: Gunnar Garfors og You-tubestjerna Per Fredrik «PelleK» Åsli. er no på oppløpssida med godt håp om å sette ny verdsrekord.

NESTEN I MÅL: Gunnar Garfors og You-tubestjerna Per Fredrik «PelleK» Åsli. er no på oppløpssida med godt håp om å sette ny verdsrekord. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Fredag ettermiddag kan Gunnar Garfors og Per Fredrik Åsly nå målet om å sette ny verdsrekord rundt jorda.

DEL

Like over klokka 0300 natt til fredag reiste Garfors og resten av teamet frå Bogota i Colombia med kurs for Europa. Reisefølget her no besøkt fem av totalt seks kontinent sidan rekordførsøket starta tysdag kveld. Ifølge Mediemann News er sjansane no store for at Garfors & co. hamnar i Guinness Rekordbok. Det er ein realitet viss dei når målet om å reise jorda rundt på 63 timar.

– Vi er på oppløpssida

– Vi har hatt ein del trøbbel undervegs, men no er vi verkeleg på oppløpssida. Kjem vi oss velberga til Europa og tilbake til startpunktet i Alger i løpet av tidleg ettermiddag fredag er rekorden i boks, seier ein glad, men sliten, Gunnar Garfors.

Nær totalhavari

Undervegs har det vore ein del dramatikk, og aller mest dramatisk vart det i Los Angeles i USA då god hjelp får flyselskapet United Airline redda rekordforsøket frå totalhavari.

Håpet om reise jorda rundt på 63 timar, var i ferd med å ebbe ut då Per Fredrik Åsly, Gunnar Garfors, Derek Bell, Erik de Zwart og Ronald Haanstra vart hefta i USA sin strenge immigrasjonskontroll med berre 40 minutt til neste avgang.

Hadde mista flyet

– Dette var den store nøtta. Det var vi også veldig klar over før vi starta turen. Og vår største frykt slo til dei grader til! Amerikanarane er kjempestrenge med grensekontroll, og det var ikkje mogleg for oss å omgå den, fortel Garfors. Då hadde han meir eller mindre gitt opp å ta verdsrekorden.

– Vi hadde eigentleg mista flyet, men United Airlines skjønte alvoret i situasjonen, og ville heilt tydeleg halde verdsrekordførsøket i live. Dei held rett og slett eit fullbooka fly tilbake slik at vi rakk å komme oss gjennom immigrasjonen og om bord flyet som tok oss til Mexico, og deretter til Bogota, Colombia, seier Garfors.

Så langt har Garfors og hans team vore innom Alger (Afrika), Dubai (Asia), Brisbane (Oceania), Los Angeles (Amerika), Mexico (Amerika), Bogota (Sør Amerika).

Artikkeltags