Elveeigarlaget får felle tre skarvar

SKADE: Skarv gjer stor skade for fiskebestanden i elva, meiner elveeigarlaget. Dei får felle tre skarvar denne hausten. Bildet til venstre er frå Hovefossen.

SKADE: Skarv gjer stor skade for fiskebestanden i elva, meiner elveeigarlaget. Dei får felle tre skarvar denne hausten. Bildet til venstre er frå Hovefossen. Foto:

Skarv gjer stor skade for fiskebestanden i Nausta, meiner elveeigarlaget.

DEL

På vegner av grunneigarane søkte dei om skadeløyve på fem skarvar oppstraums for Naustdalsfossen. Seksjonsleiar for plan og landbruk, Harald Eikenes, meiner derimot at tre fellingsløyve er nok.

– Nausta er nasjonalt laksevassdrag, og det synest svært sannsynleg at villaksen er meir truga enn skarven, skriv han i si vurdering.

Elveeigarlaget meiner at skarven lett tek sjøaure og yngel, og med et gjer stor skade for bestanden i elva. Det er ordinær jakt på storskarv frå 1. oktober til 30. november i saltvasslokalitetar og frå 10. august til 31. desember i ferskvasslokalitetar, men det gjeld ikkje i Sogn og Fjordane.

Løyvet gjeld fram til 10. november, og kommunen skal ha rapport så snart fellinga er avslutta. Elveeigarlaget fekk fellingsløyve også i fjor og året før.

Artikkeltags