Gå til sidens hovedinnhold

Fann ein skatt i skogen

Artikkelen er over 5 år gammel

NAUSTDAL: Eit brev kom flygande i ein heliumballong

– Vi går ofte på fjelltur, og førre veke var eg og mamma på Naregga, fortel Magnus (7) engasjert.

På veg heim at dei såg noko uvanleg i skogen. Mor Linda Taule trudde først det var eit gjengløymd klesplagg, men Magnus var sikker på at nokon hadde kasta eit eller anna. Dei såg fort at det måtte vere boss. I det Magnus plukka bosset ned frå treet såg dei at begge hadde teke feil.

– Det var ein flat heliumballong, og innpakka i mykje plast kunne vi sjå eit ark, fortel sjuåringen og smiler.

Plasten rundt arket var heilt vått, så sjølv om dei var nysgjerrige venta dei med å opne til dei var komne heim att. Alt dei kunne sjå på arket var «congratulations».

– Dei skjønte nok at det var noko spennande, seier far i huset, Viggo Leikanger.

Finnaren er vinnaren

Magnus og storesøster Pernilla (9) var einige om at det måtte vere ein skatt. Då dei endeleg fekk opna pakken såg dei at det var eit brev sendt heile vegen frå Irland. Heliumballongen hadde floge frå Cork, sør i landet, heilt til staden kor Magnus og mor plukka den opp. Det er heile 1737 kilometer.

– På lappen står det at vi har vunne overnatting, litt mat, ei stooor skål med sjokolade. Og ein barbertime. Den vil eg ha!, gliser Magnus stort.

Brevet frå Irland var signert av «Cathrine» som også hadde skrevet nummeret sitt. Mor Linda bestemte seg for å ringe, og den irske dama kunne fortelje at dei hadde sendt ut ballongen to veker før jul. Ho var særs overraska over at den hadde funne vegen heilt til Naustdal i Norge. Familien har endå ikkje bestemt seg for om dei tek turen til «smaragdøya» Irland, men Magnus og storesøster kunne i alle fall tenkt seg eit irsk eventyr.

– Då kan eg bli betre i engelsk, forklarar Pernilla, og Magnus nikkar samtykkande.

Kommentarer til denne saken