Bygdekvinnelaget har halde koken i 87 år. Her vart dei hylla

PRIS: Midtredalen Bygdekvinnelag fekk den aller siste Naustdalsprisen utdelt av ordførar Håkon Myrvang torsdag.  Leiar i laget, Solbjørg Steiro Heratd og nestleiar Elisabeth Storehaug (t.h.) tok i mot prisen.

PRIS: Midtredalen Bygdekvinnelag fekk den aller siste Naustdalsprisen utdelt av ordførar Håkon Myrvang torsdag. Leiar i laget, Solbjørg Steiro Heratd og nestleiar Elisabeth Storehaug (t.h.) tok i mot prisen. Foto:

Torsdag fekk Midredalen bygdekvinnelag Naustdalsprisen for 2019.

DEL

– Laget ønskjer at det skal vere aktivitet i bygda, at Naustdal skal vere ein god stad å bu. Naustdal Bygdekvinnelag ønskjer å vere noko av limet i bygda. Ein ønskjer å skape eit fellesskap og godt miljø.

Dette er litt av grunngjevinga frå juryen som tildelte prisen til dei aktive kvinnene i Midtredalen.

Laget har halde det gåande i 87 år, dei fleste av dei med namnet Midtredalen Bondekvinnelag. Eitt argument for namneskiftet var eit ønske om å inkludere fleire og vere eit naturleg lag å sokne til for alle kvinner. Og vi snakkar om ein aktiv flokk med felles interesser på tvers av generasjonar. Yngste medlem er rundt 30 år medan den eldste har runda 85 år.

Dugnad til beste for bygda er eit viktig stikkord. Eitt utslag av dette er sal av grillmat og hellebakst under Sanden Søndag. Laget driv også kurs- og aktivitetskveldar.

Opp gjennom åra har dei også gitt økonomisk bidrag til ei rekke lag og organisasjonar både i og utanfor Naustdal. Etter at skulen vart lagt ned har laget engasjert seg i Dalen næringssenter gjennom aksjekjøp og mykje dugnad, går det fram av grunngjevinga for tildelinga.

Artikkeltags